Debatt:

Svalbard-mønstre og Jul

Det er vårt ansvar ikkje å freiste til å gjere ugagn, men òg å ta vare på medmenneskelege verdiar, skriver Reinhard Mook i dette innlegget.
Publisert

Kalenderåret 2024 går mot slutten. Det kan synes at ikkje få spenningar og tenkjelege konfliktar svever i lufta. Svalbardmeldinga er forkynt. Ho danna bølgjer som ein stein gjer kasta på vatn. Interferens med andre bølgjer gjev nye mønstre på Svalbards vassflate. Nokre døme:

1. Personlege bør

Sosioøkonomiske skilnadar er haldne ved like og vert utnytta. Andre slit med psykisk naud, side om side med gleda den arktiske naturen gjev.

2. Ulike butilhøve

Talet på husvera er avgrensa. Å måtte bu trongt skal hindre folkemengda frå å auke. Vilkåra for å leige likt er ulike.

3. Rett til å medverke politisk er teken ifrå

Det gjeld den passive og aktive retten i val til Lokalstyret teken frå ikkje norske statsborgarar sjølv om de tidlegare har hatt retten. Det har ikkje styrkt tilliten til det offentlege Noreg.

4. Brennande diesel-varme

Det forserte hoppet frå kol til diesel, utan opsjon å kunne snu attende til kol, let tvile på kompetanse. Skiftet til rimeleg «grøn» energi framstår som fata morgana.

5. Lort menneske i mellom

Sanksjonar mot Russland fremjar ikkje samkvem med naboar på øya. Skumle russiske og kinesiske interesser og behovet for norske militære tenner har vore emne i det siste. Så klart finst ambisjonar om makt i Arktis og kontroll over andre. Ei kvar forsking på arktisk natur kan misbrukast til militære føremål. Det er vårt ansvar ikkje å freiste til å gjere ugagn, men òg å ta vare på medmenneskelege verdiar.

Julefred

Jul er knytt opp til personen Jesus, etter eige utsegn førebiletet. Preika halden til fjells oppmodar til å gi meir enn det ein vert beden om, å fylgje folk ein lengre veg enn naudsynt er. Interessekonfliktar kjem av å dyrke sin eigen person og å identifisere seg med verdiar underlagt tida. Samfunn i verda er meir komplekse i dag. Jamvel er det mange som står på i kvardagen for å vere til det gode for andre – og gjer så ved å «gløyme» seg sjølve.

Livshaldninga er alltid individuell. Men fellesskap i over-personleg kjærleik kan smelte egoisme. Det er tale om å bryte sirkelen av vondt som avlar vondt. Kan anna vere meininga med livet?

Powered by Labrador CMS