LEIAR:

Me må nok tru på meir enn julenissen

Redaktør Line Nagell Ylvisåker ser tilbake på året som har gått. Mykje av det me ønskte oss i januar står framleis på lista.
Publisert Sist oppdatert

Julenissepostkassen ved foten av Gruve 2-fjellet renn over av brev. Svalbardposten kan røpe at det går mykje i hamster og gullfisk, men også fred på jord. 

I desember i fjor ønska Longyearbyen seg energistøtte. Det viste seg at overgangen frå kull til diesel vart mykje dyrare enn forventa. Støtta kom til slutt, og etter fem forsøk vart energisatsane satt. For neste år er det venta at energiprisane vil auke med 25 prosent. Det kan bli hardt for mange på toppen av alt. Men gruvenissen har framleis til lys i dag­anlegget. Og dei nye hjelparane fekk lys i lampene i fjellsida.

Dei tilsette i Svalbard Energi har hatt eit tøft år. Også Longyearbyen har hatt lys i lampene og varme i radiatorane, men det har kosta krefter og tårar. 

– Hvorfor lyttet ikke ledelsen til advarslene fra maskinistene i produksjonen da vi sa at vi må gjerne gå over til diesel, men ikke med de motorene vi har i dag, seier ein av dei tillitsvalgte i en artikkel i denne avisa.

I slutten av november vart den nye stortingsmeldinga om Svalbard vedtatt. Den seier at staten vil ta større kontroll over energiforsyninga. I januar skal Store Norske ha planen klar for korleis framtidas energianlegg bør bli. Så skal energiselskapet riggast som del av Store Norske. Svalbard­meldinga seier også at regjeringa vil gjennomgå ansvaret for kritisk infrastruktur i Longyearbyen. Der ligg både bustader, drikkevatn og komm­unikasjon. For å få dette på plass trengs det milliardar. Det har ikkje Longyearbyen fått lovnadar om, men regjeringa gav befolkninga to gode drops å sutte på medan me ventar: pengar til postfly til i eitt år til og utgreiing om psykisk helse.

Styresmaktene må berre sette igang. Dette arbeidet kan ikkje settast bort til nissen.

Samstundes løftar Tysklands etterretnings­sjef Svalbard som ein av stadene Russland kan prøve seg for å sjå om Nato vil utløyse artikkel 5 om militær bistand ved angrep. Eit scenario som ikkje er urealistisk, ifølge Ine Eriksen Søreide (H). 

Sikkerheitspolitikken og klimaendringar var bakteppet for Svalbardmeldinga. Å få på plass dei store infrastrukturprosjekta, og ha gode reserveløysingar, må til for å verne Longyearbyen mot eventuelle hybride angrep. Då må staten prioritere pengar – eit historisk Svalbard-løft der argumentasjonen blir at det er viktig for Noreg og for Nato. 

For å få norske familiar til å bli, er det også viktig at trang økonomi i Longyearbyen lokalstyre ikkje går utover dei gode tilboda til barn, unge, idrett og kultur. God skule og barnehagar, eit yrande kultur- og idrettsliv er for mange grunnen til at det er verd å bu i Longyearbyen. Å sikre dette kostar lite i den store reknskapen. 

Styresmaktene må berre sette igang. Dette arbeidet kan ikkje settast bort til nissen.

Riktig god og fredfull jul, kjære lesarar.

Powered by Labrador CMS