DEBATT:

Spisshusa i landskapet

– Respekt for det som er skipa til må jamvel ikkje bli eit åk for framtida.
Publisert

Om spisshusa er vel det vesentlege alt sagt av Ingvild Sæbu Vatn. Når familiar fekk flytte til byen og ikkje skulle bu inne i Longyeardalen, lå nordvestre foten av Sukkertoppen innbydende til.

Det fysiske

Området ligg i utkanten av kald sno ned dalføret i elles stilt vêr. I sør til sørvestleg vind synes kasta å vere dempa. Fram for alt ligg plassen i ly for vinterens austanvind. Risiko for skred ved ekstremt vedvarande fokk frå aust med mykje lagra snø blei undervurdert.

Sol frå nordvest til nord, vil seie sol om kveldane frå slutten av april til inn i august, var og er eit pluss. Å bu tett over tundraen gir ekstra naturkontakt, alt etter årstid gjennom vindauga eller ved lettvint å ferdast ute.

Husa er forma teltliknande, truleg for å halde de varmeslukande ytre overflater små.

Det psykiske

Arkitekturens estetikk er eit subjektivt felt. For meg står husa sine profil og dimensjonar i samklang med Sukkertoppen bak. Den flotte fargesettinga gleder og løfter sinnsstemninga.

Det same vil eg ikkje seie om de svære klossane på Elvesletta. Bruke tomta til spisshusa til meir ruvande enn småhus, ville lett virke aggressivt mot landskapet og truleg forringe «bakkekontakten» for dei som skal bu der. Den delen av byen ville miste sin sjarm.

Eg ville ta vare på

Byen omforma etter reindyrka rasjonalitet ville gjere han i ytste konsekvens utriveleg, kjennast som trassig mot både naturprosessar i landskapet og menneskeleg leikande fantasi.

I spisshusa er manifestert tankar, ynskje og fortida sine vilkår. For meg er spisshusa ein synleg lut av samfunnets identitet. Respekt for det som er skipa til må jamvel ikkje bli eit åk for framtida. Eg ville ta vare på spisshusa, oppgradere eller byggje dei på nytt.

Powered by Labrador CMS