Debatt

Svalbardpolitikken svekker Noregs sikkerheit

Staten gjer lurt i å lytta til lokalsamfunnet i Longyearbyen, framfor å påføra dei tiltak som skaper uro og ustabilitet.

Tendensen så langt er at pisk-politikken gjer at norske familiar flyttar frå Longyearbyen – stikk i strid med dei offisielle måla med svalbardpolitikken. Dei kjenner seg ikkje igjen i det verdigrunnlaget som den norske staten no påfører Svalbard og Longyearbyen. Det skriver stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa (SV) i dette innlegget.
Publisert Sist oppdatert

Stortingets utanriks- og forsvarskomité er nettopp tilbake frå Svalbard. I tillegg til å oppleva storslagen natur utsett for raske klimaendringar, fekk me eit verdifullt innblikk i dei raske samfunnsendringane i Longyearbyen. Her blir motsetningar og utfordringar me kjenner frå fastlandet sett på spissen.

Svalbard er definerande for norsk sikkerheitspolitikk. Øygruppas geografiske plassering gir Noreg nokre særlege utfordringar som må handterast klokt. Det har då også Noreg gjort i hundre år, etter at me på snedig vis fekk internasjonal aksept for suverenitet på Svalbard. Det er i vår eiga interesse at spenningsnivået blir halde nede og at andre statar framleis respekterer denne suvereniteten.

At svalbardpolitikken er delegert til utanriks- og forsvarskomiteen seier mykje om korleis «fastlandet» (svalbardsk for resten av Noreg) oppfattar øygruppa. I svalbardmeldinga som no skal til behandling, handlar det mest om heilt andre politikkområde enn dei komiteen vanlegvis har ansvar for: natur og klima, velferd, næringsliv, forsking, samfunnssikkerheit og beredskap. Dei overordna måla med svalbardpolitikken er likevel utprega sikkerheitspolitiske, og at det bur folk på Svalbard er i første rekke eit verkemiddel for å trygga suvereniteten vår der.

I dagens sikkerheitspolitiske klima kan dette bli ei ulykke for folk i Longyearbyen. Samtidig gjer det Svalbard til eit sikkerheitspolitisk laboratorium, der ulike måtar å tenka sikkerheit og stabilitet står mot kvarandre.

Sett med tradisjonelle sikkerheitspolitiske briller kjem den største trusselen mot stabiliteten utanfrå. Sett frå Oslo, er utanlandsk påverking av lokalsamfunnet i Longyearbyen den definerande utfordringa mot norsk suverenitet. Det kan vera i form av russiske forsøk på å markera nærværet sitt på Svalbard, eller ved at ein større del av innbyggarane i Longyearbyen har utanlandsk bakgrunn.

For innbyggarane i Longyearbyen er det heilt andre bekymringar som dominerer. Dei handlar om bortfall av faste, godt lønna arbeidsplassar når gruvedrifta blir lagt ned. Dei handlar om dyre og dårlege bustader. Dei handlar om ei dyrtid som slår ekstra hardt ut på Svalbard, og manglande forsyningssikkerheit på energi, mat og vatn.

Då hjelper det ikkje at postflyet som leverer ferske matvarer til Longyearbyen snart skal slutta å gå. Det hjelper heller ikkje at regjeringa fjernar rettar og velferdstilbod frå delar av eller heile samfunnet.

I forfjor fjerna regjeringa stemmeretten i lokalval frå innbyggarar utan fast tilknyting til Noreg – uavhengig av butid i Longyearbyen. Fastbuande med mange års butid, som arbeider og bidrar til samfunnet, har blitt ståande utan moglegheit til å påverka lokalstyret. Den største gruppa av «utlendingar» i Longyearbyen er filippinarar.

I tillegg har innbyggarar utan fast tilknyting til det norske fastlandet mista velferdsrettar som barnetrygd og kontantstøtte. Regjeringa har også fjerna velferdstenester for alle, som retten til tilrettelagt undervisning. Saman med ei urettferdig fordeling av dei for få bustadene, skaper dette klasseskilje, ekskludering og utbreidd misnøye.

Det er forståeleg at regjeringa ønskjer å auka den norske delen av busettinga i Longyearbyen. Spørsmålet er berre korleis ein realiserer dette målet: Er det ved å få lengebuande «utlendingar» med lojalitet til lokalsamfunnet til å kjenna seg uønskte? Er det ved å skapa splid, motsetningar og nye klasseskilje?

Tendensen så langt er at pisk-politikken gjer at norske familiar flyttar frå Longyearbyen – stikk i strid med dei offisielle måla med svalbardpolitikken. Dei kjenner seg ikkje igjen i det verdigrunnlaget som den norske staten no påfører Svalbard og Longyearbyen. Lokalsamfunnet i Longyearbyen er stolte av å vera eit mangfaldig og inkluderande samfunn, men dette blir tydelegvis ikkje verdsett av staten.

Dermed slår den sikkerheitspolitiske agendaen beina under sine eigne målsettingar. Innstramingane reduserer norsk busetting og moglegheit til suverenitetshevding. Påverkingsoperasjonar og propaganda frå framande makter vil dessutan ha større grobotn i eit splitta samfunn enn i eit lokalsamfunn med sterke fellesskap.

Ein betre strategi vil vera å ta i bruk politisk styring for å sikra gode buforhold og nok bustader, faste arbeidsplassar med god løn, og ei sikker forsyning av mat, medisinar og energi. Velferdstenestene kan samtidig ikkje vera vesentleg dårlegare enn i resten av Noreg. Då trengst det statleg kontroll i samvirke med sterke fagforeiningar og eit levande lokaldemokrati.

På Svalbard er alle einige om at marknadsstyring er fåfengt. Å la postflyet slutta å gå utan å få eit fullgodt alternativ på plass, fordi det offentlege selskapet Posten berre skal tenka butikk, vil vera toppen av dumskap. Ikkje minst vil det vera dårleg sikkerheitspolitikk.

Innlegget ble først publisert i avisa Nationen. 

Powered by Labrador CMS