LEIAR - SVALBARDMELDINGA
Gladmelding til norske familiar?
31. mai gjekk ein svartkledd justis- og beredskapsminister ut av flyet i Longyearbyen. Med seg hadde ho Svalbardmeldinga me har venta spent på. Då statsminster Jonas Gahr Støre (Ap) gjekk ut av flyet i fjor vår, vart han møtt av demonstrantar. Dei kjempa for lokaldemokrati og «Ja til mangfold også på Svalbard».
Regjeringa er uroa over at median butid for nordmenn har gått ned med 20 prosent sidan førre stortingsmelding. Men vil grepa meldinga kjem med hjelpe på det?
Dei føreslår betre bustader og å vurdere rimelegare SFO og barnehage. I tillegg kom gladmeldinga om at tidlegare fastbuande skal få reise på turar slik som no.
Meldinga seier at nordmenn er viktige for å sikre ei effektiv og truverdig myndigheitsutøving. Bustader skal nyttast som politisk verkemiddel. I dag er om lag 70 prosent av bustadene i byen på offentlege hender. Gjennom kontroll på bustader kan staten styre kven som bur her. Bustadmarknaden vil bli stadig trongare for dei utan norsk pass, og bedriftene som sysselset dei. I framtida kan det også bli krav til dokumentert opphald i godkjent heim for å stå i befolkningsregisteret. Hytter og fritidsbustader gjeld ikkje. Det strammar seg til.
I dag er 36 prosent av innbyggjarane i Longyearbyen utanlandske statsborgarar. I 2016 var talet 26 prosent. Regjeringa presiserer at utlendingar bidreg med verdifull aktivitet og arbeidskraft. Men tala må vera i «balanse».
Grunna traktaten gjeld ikkje utlendingslova. Longyearbyen skal ikkje vera noko livslaupssamfunn. Nordmenn har sosiale rettar i heimkommunen, utlendingar i heimlandet. Utlendingar som jobbar for ein norsk arbeidsgivar, og ellers ikkje har rettar i Norgeg, blir likevel med i folketrygda og får visse goder – som gratis sjukehushjelp.
I dag er det ikkje arbeidsgivaravgift på Svalbard. No vil regjeringa vurdere å innføre slik avgift for norske arbeidsgivarar som sysselset utlendingar som får rettar via folketrygda. Dei vil også vurdere om dei same arbeidstakarane skal betale høgare trygdeavgift, og om dei framleis skal ha rett til å opparbeide seg barnetrygd og kontantstøtte. Dei det råkar er i hovedsak innbyggjarane som har dårlegast lønningar og betaler mest for å bu.
Kvart år kjem det barn til Longyearbyen utan rettar til opphald i Noreg. Barna blir norske i språk og tankar, men veks opp i ein blindveg. «Det er viktig å understreke at ansvaret i slike tilfeller påhviler foreldrene», seier Svalbardmeldinga. Det same som vart sagt om ungar med ekstra behov i samband med forskrift om skule i Longyearbyen. Ikkje alle barn har rett til å gå på skule her.
Stortingsmeldinga dempar uroa for galopperande prisar på energi, infrastruktur og dårlege, offentlege bustader, men den bremsar ikkje uroa i samfunnet. Det er forståeleg at Noreg vil at det skal bu norske familiar på Svalbard. Men retorikken som blir brukt strør salt i såra etter stemmerettsaka.
Er det slike verdiar norske familiar ønsker å la ungane vokse opp med? Korleis skal me skape eit godt samfunn når dei sosiale skilja etter alt og døme blir større? Når det i større grad blir lagt opp til «oss» og «dei»?
Det er ein stor jobb å legge på ein liten by.