LESERINLEGG:

Om å teie

Reinhard Mook meiner tida då ein i Longyearbyen kunne ta rolla som «verdsborgar» er over.
Publisert

Fastbuande med og utan norsk pass arbeider og engasjerer seg i og for «byen» på alle tenkjelege fora og måtar. Det har etter mitt syn vore klokt gjort ved val til lokalstyret knapt å skilje etter nasjonalitet. Ein kunne på Svalbard ta rollen av «verdsborgar». 

Nå har staten, suverent over Svalbard, gjort nasjonalitet relevant.

«Svalbardmeldinga» gjer tydeleg: Proporsjonen i folkemengda lyt gå i favør av norske borgarar. Svalbard skal vere attraktiv for sistnemnde.

Tyske pastor Niemöller (1892-1984), konsentrasjonsleirfange 1938 til 1945, har vore sitert i Svalbardposten. Han angra på ikkje i tide å ha tatt til motmæle mot nasjonalsosialistane. Eg tykkjer ein må skilje: Fascismen under Hitler har brote med elementære menneskerettar. Grepa Noreg tek for å trygge suvereniteten over Svalbard er etter dagens norm legitime, om enn sårande. Politikarane i Oslo kan klandrast for ikkje å ta omsyn til tonen som gjer musikken.

Saka «rett til å røyste» og signala i «Svalbardmeldinga» har ikkje få norske oppfatta som trist. Men skrike høgt mot lovleg politikk vil ikkje gagne. Kan hende her òg gjev meining den romerske politikaren Cicero sine ord: « I det de teier skrik dei.» (Cum tacent clamant). 

Vi kan la vere å tenkje i kategoriar av nasjonar og skrankar, i det stille la mogne eit grenselaust samfunn.

Powered by Labrador CMS