– For både fysisk og psykisk infrastruktur gjeld det same. Mest mogeleg av pengane som blir sett av må gå til innhald, ikkje utgreiing av utgreiingar og planer om planer, konsulentar og papirflytting.

To tankar i hovudet

Publisert Sist oppdatert

Kulturhussalen var fylt til randen då dei viktige tilhøyrarane inntok scenen. Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget har ansvar for Svalbardmeldinga. På tampen av september besøkte dei Svalbard for å møte staden og folka politikken skal virke på. Ine Eriksen Søreide (H) leia 17 lokale foreiningar og konstellasjonar opp til talarstolen og klokka inn innlegga deira. Tre minutt – om ikkje spøkte ho med å kutte i inlegga som skulle kome. 

Ola Borten Moe (Sp) sat på enden og tek av og på ein ring på eine fingeren. Kanskje er det slik han gjer når han tenker ekstra hardt. For eg håper dei fekk mykje å tenke på, nye tankar og kreative tankar. Det var effektiv og tydeleg kommunikasjon frå Longyearbyen til Oslo. Komiteen fekk spissa problemstillingar og andlet å knytte dei til.

Det som er tydeleg er at Oslo må legge opp Longyearbyens framtid etter to spor:

Fysisk infrastruktur. Det me må ha for å kunne bu her: Hus, straum, varme, godt vatn, avlaup og – for å fungere – fiberkabel. Alt til ein pris me kan bære.

Psykisk infrastruktur: Det som skal til for at folk vil bli. Verdiar som speglar dei norske, likeverd og demokrati, ikkje oss og dei. At folk kjenner at dei høyrer til og er viktige. Gode oppvekstvilkår for barn og unge, med mangfald, miljøarbeidar og psykososial støtte. Eit rikt aktivitets- og fritidstilbod, det me snakkar varmt om når folk lurer på kvifor i alle dagar me vel å bu her me gjer. I polarnatta langt frå familie.

Begge desse spora må leggast for å sikre ro og stabilitet.

10. oktober er Verdsdagen for psykisk helse. Fleire av dei som la fram innlegg framfor Utanriks- og forsvarskomiteen sa at det hastar å få på plass ei ordentleg ramme kring Longyearbyen no. Sterkast og klarast var ungdomsrådet ved Iben Abild. 

– På 14 månader har vi mistet tre til sjølvmord. Ei mor, ein far og ein ungdom.

– Vi trenger hjelp. Vi reagerer på hvordan regjeringen behandler de mest sårbare gruppene her oppe, sa ho mellom anna.

Under Verdsdagen for psykisk helse i fjor, uttalte Guri Melby (V) til Svalbardposten at det er gammeldags å sjå på psykisk helse som noko valgfritt. Psykisk helsetilbod er like viktig som fysisk helsetilbod.

Svalbardposten skreiv følgjande på leiarplass: Det går tydelegare og tydelegare fram av kommunikasjonen mellom sentrale styresmakter og Longyearbyen, at familiane som bur her er eit strategisk verktøy for å hevde suverenitet. Me veit alle at Longyearbyen ikkje skal vera eit livslaupssamfunn, men å ha tilgang på psykolog når livet strammar seg til må me kunne krevja for oppdraget. Me er også berre menneske, langt frå familie og private tilbod.

Og så tilbake til Ola Borten Moe som satte på seg ringen og spurde korleis me kunne få til energiforsyning på ein effektiv måte. Korleis gå frå snakk til kilowatt timar?

For både fysisk og psykisk infrastruktur gjeld det same. Mest mogeleg av pengane som blir sett av må gå til innhald, ikkje utgreiing av utgreiingar og planer om planer, konsulentar og papirflytting.

Gjer det enkelt og effektivt. Me har ikkje tid å miste.

Og midt i alt: ver gode med kvarandre.

Powered by Labrador CMS