Risikerer «usynleg» befolkning

Redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Publisert

Då nordlyset dansa 2025 velkommen, var det fleire som gjekk inn i det nye året med uro for kvar dei skal bu.

2024 enda med tilsyn leia av Arbeidstil­synet som mellom anna såg på korleis folk i service-, turist- og reinhaldsbransjen bur.

– Vi har konsentrert oss om bransjer som har utenlandske arbeidstakere. Det er en gruppe som er sårbar og ofte utsatt for sosial dumping, sa seksjonsleder Øystein Andersen ved Arbeidstilsynets avdeling for arbeidslivskriminalitet.

Diverre gjorde dei triste funn – av brann­farlege og kummerlege butilhøve, men ikkje mange stader. Truleg er det meir å finne om dei leitar vidare.

Den private bustadmarknaden er beintøff. I­følgje den ferske Svalbardmeldinga blir meir enn 70 prosent av bustadmassen i Longyearbyen eigd av offentlege eller delvis offentlege eigarar. Ein del av desse leiger Store Norske ut til private selskap, men det er langt færre bustader enn det som trengs. I desember fortalde leiaren av Svalsat at heller ikkje dei har fått bustader hjå Store ­Norske på lang tid. Dei tre siste bustadene har dei skaffa på den private marknaden.

Styresmaktene har fleire gonger understreka at talet på bustader ikkje skal bli større enn før skreda i 2015 og 2017. Likevel har folketalet auka med 450 frå våren 2017 til hausten 2024 ifølgje Statistisk Sentralbyrå.

Kvar bur alle saman? 

Ein fin tanke er at fleire har fått barn. Men tal frå barnehage og skule viser at det har blitt færre barn og unge dei siste åra, om ein ser bort frå folkehøgskulen.

Svalbardmeldinga seier at regjeringa vil auke nasjonal kontroll. Det står også at tilgangen til bustad er grunnleggande for å kunne jobbe og opphalde seg i byen. Ei avgrensing i talet bustader vil virke dimen­sjonerande på innbyggartal og aktivitet. Det stemmer nok til ein viss grad. Norske innbyggjarar stiller store krav til bustad, og ein god heim er viktig for trivsel.

Noko av løysinga kan vera å legge større ansvar på arbeidsgivarar. Om ein ikkje har ordentleg bustad til tilsette, kan ein ikkje ha dei i arbeid. Men for fleire i innbyggjargruppa Arbeidstilsynet sette lys på i desember ser verda annleis ut. Trass i dårlege og tronge buforhold gjer dei det dei kan for å bli, sidan tilhøva i heimlandet er verre. For andre er Longyearbyen eit ung­dommeleg eventyr, då kan ein akseptere mykje. 

Når lokale styresmakter kastar folk ut av ulovlege naust og brakker, kvar blir dei av då? 

Stortingsmeldinga forslår at dokumentert opphald i godkjent bustad blir et vilkår for å kunne skrivast inn i befolknings­registeret. 

Slik vil ein få betre kontroll med dei som bur lovleg, men samstundes blir det enda større knappheit om bustadene. Mange bruker hytter og fritidsbustader som bustad. 

Konsekvensen kan bli at ein større del av befolkninga går under radaren. Det kan sjå fint ut på statistikken, men også bli eit samfunns­problem.

Powered by Labrador CMS