Døden i Adventdalen

Rotne kadaver kan vere eit makabert syn i naturen. Men dei kan og vere ei rein gåve for artsmangfaldet.

Reinkadaver: Bilete viser eit kadaver frå vinteren 2019/20, og er tatt oppe i rasmarka i Todalen som er ein sidedal til Adventdalen. I bakgrunnen ser du Nord universitet sine botanikarane Mie Pirk Arnberg og Rakel Blaalid som førebur vegetasjonskartlegging.
Publisert

Sam Steyaert har ein spesiell lidenskap. ​Han er over gjennomsnittet interessert i døden. Eller for å vere meir presis: han forskar på dei økologiske effektane av kadaver.

Denne saka var først publisert på Nord.no.

Forskingsprosjektet han er leiar for heiter «REINCAR», som er ei samandraging av orda «rein», «reinkarnasjon» og «carcasses» som betyr nettopp døde skrottar eller -kadaver.

Ulike haldningar til kadaver

I majestetiske omgivnadar i Adventdalen på Svalbard har førsteamanuensis Steyaert ved Nord universitet og eit knippe andre forskarar lagt bak seg ein ny feltsesong. No er det tid for analysar av data og diverse jordprøvar.

– I somme land i Europa er det ei vanleg haldning at kadaver skal hentast ut frå naturen for å bli destruert. Nokre av argumenta for å gjere dette handlar om hygiene og smitte av sjukdomar, samt at vi skal sleppe å bli utset for makabre syn og kvalmande lukt. Det er på somme måtar veldig synd, seier han.

Steyaert meiner det er viktig at vanlege folk får sjå og oppleva «the bright side of death», som han kallar det.

– Det er naudsynt og bra at folk får sjå den positive sida ved å la kadavera få ligge i fred. Det er mykje liv assosiert med desse, og dei er ein naturleg del av økosystemet. Kvifor fjerne det når det jo faktisk er ein høgkvalitetsressurs for mange organismar? spør han.

Ruteanalyse: Stipendiat Mie Prik Arnberg gjennomfører rutekartlegging av vegetasjonen på eit kontrollplot i Mälardalen (ein sidedal til Adventdalen). I bakgrunnen gjennomfører Rakel tilsvarande analyser på sjølve kadaverplottet.

Samstundes er han einig i at det også finnast gode argument for å fjerne dei. Men det kjem vi attende til.

Horroren på Hardangervidda

For nokre år sidan hamna kadaver-forskaren i verdsmedia​ etter ei særs spesiell hending som fann stad på Hardangervidda. Eit lynnedslag tok i 2016 livet av 323 villrein, og Steyaert kasta alt han hadde i henda, tok med seg teamet sitt og etablerte et forskingsfelt på åstaden. Målet var å finne svar på kva for økologiske effektar ein slik massedød av dyr på eit så lite geografisk område har å seie for vegetasjonen og artsmangfaldet ikring.

Han er ikkje ferdig med desse studia, men no har han i tillegg retta blikket mot Adventdalen på Svalbard, for å forska på det same. Den store skilnaden er at kadavera her ligg spreidd utover eit stort geografisk område.

– På Hardangervidda ser vi ein veldig sterk effekt på vegetasjonen. Der kadavera vart liggande er området komplett fritt for vegetasjon. Samstundes ser vi at vegetasjonen gradvis kjem attende i yttergrensa, mellom anna i form av mose og blomster.

Skrottestudiar på Svalbard: Prosjektleiar Sam Steyaert med felt-teamet i bakgrunnen. Bilete er tatt i Hiorthhamn medan dei ventar på båtskyss attende til Longyearbyen etter end arbeidsdag.

– Medan på Svalbard er settinga heilt forskjellig. I Adventdalen ser du kadaver og beinrestar meir eller mindre overalt i landskapet.

Kadaver og gourmetmåltid​

Så langt har arbeidet på Svalbard i hovudsak fokusert på vegetasjonsresponsar. Desse blir undersøkt både gjennom tradisjonelle ruteanalysar og moderne droneteknologi.

Førsteamanuensis Jan Eivind Østnes er del av Steyaert si forskingsgruppe, og fortel at talet på kadaver kan variere stort frå år til år i Adventdalen.

– Nokre år, når bakken er islagt slik at reinsdyra ikkje får tilgang til nok næring, får du mange som dør. Sånn var det til dømes i 2019. Da var det ifølge Norsk Polarinstitutt over 200 skrottar i dalen. Andre år kan det vere snakk om berre nokre få nye kadaver, seier han.

– Men kvifor er dette så viktig å forske på?

– Skrottane gjer at organismar frå mange ulike grupperingar møtast, alt frå mikroorganismar til planter, insekt, fuglar og pattedyr. Det skuldast at døde dyr er eit gourmetmåltid av beste kvalitet som mange organismar kan dra nytte av.

– Dette er i seg sjølv interessant, men vi veit framleis ikkje nok om kor viktige eller på kva for måtar kadavera er viktige for økosystemet. Vi leitar etter spor som kan dokumentere alle formar for økologisk påverknad på til dømes vegetasjon, jordsmon og reproduksjon hos fuglar og dyr, fortel Steyaert.

Dronebilete: Bilete er tatt med drone på høgder frå 10-100 meter over bakken med eit ordinært kamera. Bileta gir ein god illustrasjon av vegetasjonsresponsen kring kadaveret.

Eit samarbeid med Norsk Polarinstitutt gjer at prosjektet har tilgang til nøkkeldata, mellom anna i form av GPS-lokaliseringar av kadaver. Polarinstituttet har gjennomført systematisk teljing av reinsdyr over mange år, både av levande og døde dyr.

– Dette gjer at vi kan dra dit og sjå på korleis vegetasjonen har respondert, seier han.

Nytt liv og stort artsmangfald

Østnes fortel at dei først og fremst ser på effektane av kadaver på heile økosystemet. Så langt har dei i all hovudsak sett på vegetasjonsrespons, der dei i feltarbeidet gjer ei kartlegging på alle kadaverpunkta dei har.

– I tillegg til tradisjonelle vegetasjonsanalysar, har vi brukt dronar på kvart kadaver for å fange opp lysspekter vi ikkje kan sjå med det blotte auge, og som kan vere med på å forklare kadaverresponsane. I tillegg har vi tatt jordprøver for å sjå på jordkjemi og ikkje minst jordbiologi i form av mikroorganismar.

– Korleis ser det ut på ein stad med kadaver på tundraen?

– Vi ser at akkurat der kadaveret ligg og dekker bakken, der dør all vegetasjon. Vidare ser vi ein tydeleg respons i vegetasjonen ikring kadaveret, spesielt der det er helling i terrenget i underkant av kadaveret. Der gir ofte næringsstoffa frå kadaveret ein enorm vegetasjonsrespons.

Fugl på kadaver: Bilete viser ein fjæreplytt som oppsøker eit kadaver for å ete insekt (truleg mest larver, men også vaksne). Eit kadaver kan gi god tilgang på næring (gourmetmåltid) i ein kort og hektisk sesong for fuglar som hekker på den arktiske tundraen.

– Vi ser også at ein ved sida av kadaveret kan få inn andre slag artar enn det som har vore der tidlegare. På den arktiske tundraen veit vi førebels ikkje om denne aukinga i artsmangfaldet skuldast ein naturleg frøbank i jordsmonet, eller om åtseletarane bringer med seg frøa gjennom avføringa.

Difor skulle ein altså tru at forskarane reiser bust over haldningar som går på å fjerne kadaver frå naturen. Men så enkelt er det ikkje. Østnes fortel at det er eit todelt og nyansert syn på dette.

– Eit kadaver som dør fritt i naturen, bør få ligge i fred. Samstundes er det i mange område veldig store elgbestandar grunna fråvær av naturlege predatorar. Under jakta blir det skote mange elg i løpet av ein sesong, der dei blir vomma ut på staden. Det har det vore ein diskusjon kring om ein skal la innvollane få ligge eller om ein skal samla det opp og ta det med til destruksjon.

Svalbardrein: Bilete viser ein bukk og ei simle. Svalbardrein er definert som ein eigen underart som viser både fysiologiske og åtferdsmessige tilpassingar til eit liv på den arktiske tundraen. Som ei tilpassing til å redusere varmetapet har dei ei kompakt kroppsbygning med mellom anna korte bein, kort snute, rundt hovud og små øyrer. Dei har også ein svært tykk vinterpels samanlikna med reinen som lever på fastlandet.

– Årsaka til denne diskusjonen er ei meining om at slakteavfallet kan være med på å byggje opp unaturleg store bestandar av til dømes raudrev og andre åtseletarar, eller store rovdyr. Dette kan kome i konflikt med nærings- og friluftinteressar. Frå eit økosystem-perspektiv vil det uansett bli mykje kadaverrestar også i områder med mykje naturlege predatorar. Ein kan difor hevda at ubalansen i økosystemet er menneskeskapt sidan vi menneske har tatt på oss rolla som den øvste predatoren, seier Steyaert.

Powered by Labrador CMS