LEIAR

No må me få vite kva planen er

Redaktør Line Nagell Ylvisåker meiner rekneskapen for Svalbard-familiar ikkje lenger går i pluss.
Publisert Sist oppdatert

Det er snart midnattssol. Likevel tetnar det til rundt oss, blir mørkare. Det kjem utspel både frå aust og vest som det er vanskeleg å finne hald i.

Den siste månaden har Russland igjen hevda at Norge bryt Svalbardtraktaten og at me militariserar Svalbard. Ei regle som dei gjentek med jamne mellomrom, noko som har blitt møtt med skudertrekk. No blir skuldrane oftare høge. 

For samstundes som Russland sender ut sin propaganda, har USAs president Donald Trump igjen sendt folk til Grønland. I eit intervju i NBC News sa han at det var 100 prosent sikkert at USA «vil få» Grønland. Det handlar om internasjonal fred, tryggleik og styrke, sa han.

Midt i dette bur me, norske familiar som er her for å fremme norsk suverenitet, som lurer på kva dette betyr for oss. På ei øygruppe som har vore norsk i 100 år i august. 

Det som får oss til å bli er turlivet, og at det har vore så enkelt å oppsøke den ville, vakre naturen. Den enkle logistikken med mykje tid som kjernefamilie og «svalbardfamilie». Det rike idretts- og kulturlivet ungane får ta del i, sjølv om me veit at dei etter alt å døme ikkje kan bli fotball­proffar.

Varme, interesserte menneske frå alle kontinent gjer livet trygt og eksotisk. Låg skatt har gjort at det har gått an å forsvare livet økonomisk. Alt dette har gjort det verdt å bu her, langt borte frå storfamilien og vener me saknar. Verd å bu her lenge, sjølv om me veit at me ein dag må dra. 

No har dette nådd ei smertegrense. Andelen nordmenn held fram med å falle. Utskiftinga av folk går fortare, kutt i idretts- og kulturtilbod, prisane stig, livet har blitt dyrt. 

Rekneskapen går snart ikkje lenger i pluss. Bustad, straum, vatn i krana, vatn på dunkar i butikken sidan me ikkje lenger stolar på vatnet etter legionella, gugge og mangan, flybillettane heim for å sjå familien me har reist frå.

Under Svalbarddagen i Oslo var nærings­liv og lokalpolitikk samde. Staten må bla opp for ny infrastruktur. Me har ikkje råd til å gjere det sjølve. Me har nådd ei smertegrense.

No er det lova nesten tre milliardar til ny fiberkabel. Ein kostnad staten tar. Ifølge dei har det ikkje vore mogeleg å få til eit kommersielt spleiselag som monna. 

Det var Svalsat russarane rutinemessig peika på då dei igjen rasla med sablane. Frå sta­sjonen blir data frå satellittar lasta ned. Data som er viktig for USA og andre allierte. No skal data få sikrare transport.

Men det hjelper lite med fiberkabel om det ikkje er vatn og straum på øya, eller familiar til å bruke det. 

Og om me forsvinn, blir det mørkt på ­ordentleg.

Powered by Labrador CMS