LESERINNLEGG:

Nattleg besøk i bilen vår «Rautassen»

Anne Marit Grøndalen fann bilen sin utspydd.
Publisert Sist oppdatert

På laurdag oppdaga vi noko trist i bilen vår - der hadde det vore nattleg besøk med påfølgende spying i baksetet. Noko so utriveleg! 

Og så mykje arbeid for å «rydde oppatt etter middagen…» Ikkje nok med det! I bilen vår låg det også eit par hanskar og eit panneband som ikkje vi kjentes med. På «tapt og funnet» kunne vi lese at ei svart Portofino-jakke var blitt borte på Svalbar med mellom anna eit par grå hanskar og Bjørn Dehli-panneband i lomma. 

Eg tok kontakt med vedkomande som hadde mista jakka si, og kunne fortelje at vantar og panneband var funne i vår bil, men korkje jakka eller «jakketjuven» var å sjå. Her må det altså ha vore ein svært bedugget person som ikkje såg forskjell på si eller andre si jakke, den har ikkje kome lenger enn til Vei 221, brukt «Rautassen» som ein liten kvilarplass med påfølgande spying utover heile baksetet før den har rusla vidare. Slikt blir eg skikkeleg opprørt av! 

Å gå inn i ein framand bil får no so vere, men å ikkje få opp døra før heile middagen og vel so det må ut - drit og dra! Skikkeleg utriveleg!

Takk for all omsorg og tilbod i etterkant om både lån av bil, tepperensarar og slikt - folket i Longyearbyen bryr seg verkeleg om kvarandre! Det er godt oppi all spylukt og harme..! Svalbard Auto hjelper oss med å få vaska og rensa og saka er anmeldt til Politiet. 

Ho som mista jakka si har også anmeldt saka, så får tida vise om nokon har so dårleg samvittigheit at dei kjem og ber om orsaking. 

Eg skal ta godt imot vedkomande!

Powered by Labrador CMS