LESERINNLEGG:

Rosa lys over Isfjorden

Torsdag i forrige uke var det gode forhold for å fotografere værfenomenet «rayleigh-spredning».
Publisert

Den 23. januar 2025, sola ved middag ennå 8 grader under synsranda (demring tar til ved mindre enn 6 grader) var Isfjord-området hylla i rosa lys. Fenomenet er sjeldsynt; fleire tilhøve må spele på lag. 

Spreiing av gass-molekyl

Når sola sitt lys treffer på partiklar vesentleg mindre enn lysets bølgjelengder vil den elektromagnetiske stråling (= lyset) påverke den elektriske ladning til partiklane, her luftgassene sine molekyl. Utan å endre energi eller bølgjelengder endrast retninga som molekyla sender lyset ut på nytt i. Det kallast for spreiing. Fenomenet er sterkast for blått (kort bølgjelengd) i sola sitt kvite lys.

Om vegen gjennom atmosfæren for strålinga er lang, blir blått spreidd bort undervegs. Derfor er himmelen raut når sola er nær synsranda. Fenomenet er forklåra i 1871 av engelske fysikaren John William Strutt (= Lord Rayleigh). Eit vilkår for raut lys er at sola sitt lys passerer ein tett nok atmosfære (mange molekyl per volum), vil seie lågt nok over bakken, uforstyrra av skyer.

Spreiing på is høgt i atmosfæren

Eit vilkår for at det raude lyset blir synleg på Svalbard under polarnatta er ytterlegare spreiing på krystallar av is i den elles tørre stratosfæren (høgare enn 8 km). Isen kjem opp dit i samband med kvervlar (lågtrykk) i troposfæren. Spreiing her gjeld lengre bølgjelengder (raut lys) i høve til store objekt (krystallar) utan fargeverknad. De svevande krystallanes orientering avgjer evna til å spegle ljoset. Det kan òg tre inn i krystallar og ut att, eller speglast internt utan å sleppast ut att frå is til luft (totalrefleksjon).

Det er her tale om bryting av lys frå luft inn i is og attende til luft. Ho avhenger av lysets (og bølgjelengd) fart i luft i høvet til i is (= brytingsindeks for is = 1,31); i transparente stoff alltid mindre enn i luft. «Rosa lys over Isfjorden» var diffust (spreidd i alle retningar) og heller «einsfarga».

Den «sedde» fargen

Fargen som blir sedd og opplevd avhenger av korleis de elektromagnetiske impulsar som når auga vert leie til og tolka av hjernen. Det er minst tre komponentar som er vesentlege: Fargetonen avhenger av blandinga av bølgjelengder. Tonen er «metta» om berre ei lengd (farge) utgjer strålinga. Lysdensitet og det å vere vàr for ulike bølgjelengder er ytterlegare faktorar. Folk flest er mest vàr for grønt til gulgrønt, internasjonalt vald som norm = 100 prosent. Individuelle skilnadar gjer at det rosa ljos over Longyearbyen kan vere oppfatta litt ulikt frå person til person.

Powered by Labrador CMS