Til Sveas historie

Ein eller annan stad i alle mine papir fins det ein byplan for Svea frå tidleg 1970-tal. Svea skulle verte ein ny Svalbard-by, fullt på høgde med Longyearbyen. Planen fins sikkert også i SNSK sitt arkiv, og andre stader.

Det var andre planer for Svea.
Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Då eg i 1977 vart tilsett ved Longyearbyen skole, vart eg tilsett som «skolesjef og rektor». Eg skulle vere rektor ved Longyearbyen skole, og samtidig skulle eg vere skulesjef for dei to norske skulane på Svalbard, den i Longyearbyen og den som var planlagt i Svea. Longyearbyen skulle altså, naturleg nok, vere Svalbards hovedstad. Og planane var klare. På teiknebrettet: Svea skulle verte eit fullverdig svalbardsamfunn. Vi skulle for lang tid framover ha to norske byar på Svalbard!

Som kjent vart det ikkje slik, og Svea vart nedlagd. (Ikkje heilt uvanleg for Svea). Sic!

Hallvard Holm

Powered by Labrador CMS