Leserinnlegg:

Temperaturrekord til ettertanke

Det har hendt før, lufttemperatur i overkant av 20 0C på Hotelneset. Isolert sedd er rekordar ikkje noko å feste seg ved.

Reinhard Mook.
Publisert

Men varmen mot slutten av juli 2020 lyt ein sjå saman med den globalt aukande temperaturen av lufta like over bakken.

Variabel aktivitet på sola og periodiske endringar med omsyn til flyten av energi i jordiske delsystem kan forklåre noko av klimaets variasjonar. Men heilt på det reine er at menneskeleg verksemd har brigda klimaets føresetnadar.

I atmosfæren aukar støtt luten av gassar med eigenskapar analogt eit hus av glas. Nedre randa av atmosfæren òg har fått endra sine klimatisk verksame eigenskapar: Svekka er landområda sin evne å reflektere sola si stråling og kapasiteten å fordampe vatn og frakte varme frå bakken opp i atmosfæren. Oseana truleg gjev frå seg meir vassdamp og tek i mot mindre karbondioksid. Minka har areala dekt av reflekterande og hav mot atmosfæren skjermande is om sommaren.

Lufttemperaturen henger i hop med vatnets krinslaup gjennom atmosfæren, atter kopla med eigenskapar av hinna til landjorda og oseana. Vatnet i atmosfæren, vil seie eim og skyer, verker inn på stråling frå sola og jorda si eiga stråling som pådrivar av vêr og klima.

Førestillinga om eit «normalt» og konstant klima er ugrunna. Historisk har klimaet alltid vore i endring, om enn relativt lite etter siste istida. Det er naturleg at klimaet brigdast når klimaets føresetningar brigdast.

Verda si sterkt aukande folkemengd og ressursbruk har endra klimaets føresetnadar hurtigare enn naturens utvikling åleine nokon gong i jorda si fortid. Menneska sine val i høve til klimaets føresetnadar er vesentlege for klimaet i framtida.

Blant fleire tunge faktorar relevante for klimaet er den verdsomspennande mobiliteten. Han er ikkje å sameine med å motverke den globale oppvarminga. Fremje langvegs turisme vil seie å motarbeide klimamål.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS