Leserinnlegg:

Skredproblem i høve til meir nedbør

Svar til Ole Reistad

Publisert

Ole Reistad sitt lesarbrev gjort offentleg 5. mai peikar med rette på spriket mellom rapporten «Climate in Svalbard 2100» og NVE sine vurderingar.

Sjølv om ein reknar med aukande nedbør vil akkumulasjonen av snø om vinteren gå ned på grunn av aukande mengde regn. Men her må òg tas omsyn til episodar med sterk og vedvarande vind frå aust som fraktar snø til og deponerer han i og ovanfor skråninga aust for Longyeardalen. På same tid vil høgare temperatur, periodar over frysepunktet, virke inn på stabiliteten av den vindakkumulerte snøen.

Det er vanskeleg å sjå korleis NVE har teke omsyn til desse kombinerte tilhøva. For underteikna står rivinga av hus og konstruksjon av store vollar som ein (sagt med løyve) «overreaksjon» så lenge NVE sin kombinasjon av skred- og vêrmodellar under venta klimaregime for meg ikkje er kjende.

Alle installerte vern mot at skred skal losne gjev inntrykk av å vere dimensjonerte utan omsyn til verknaden av vindbremsen reist nærmare Gruvedalen.

Sannsynligheten for sørpeskred kan vere auka ved hyppigare episodar med regn. Men mindre akkumulert snø gjev mindre kinetisk energi. Ein sørpeskred-brems i Vannledningsdalen (seinast SP 21. februar 2019) i staden for å rive hus og reise voller synes ikkje å vere vurdert av NVE.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS