Leserinnlegg:

Skred og frykt

Sysselmannen har kunngjort: Dei som bur utsett til for snøskred må rekne med ein ny vinter utanfor heimen.

Reinhard Mook mener uventa snøskred har utløst strengere tiltak enn nødvendig.
Publisert

Det er vanleg over heile verda med fjell og snø: Uventa skadeskred utløyser tiltak strengare enn kva tryggleiken krev. Stengje bustadar for heile vinteren, det same kva slags vêr og snø i terrenget, vernar òg i bolkar som frå naturens kant er trygge.

Kunsten er å auke informasjonen, skilje ut absolutt trygge bolkar utan potensial for fare. For lite snø, heller ikkje djupare snø festa i terrenget, er grunn å evakuere. Det er ved objektivt definerte avvik frå sikkert stabile tilhøve at raudt ljos måtte komme på. Det ville vere i færre veker enn heile vinteren.

Siste skadeskred kom uventa av di ein «trudde» skred ikkje løyste seg frå Sukkertoppen. Ein hadde subjektivt sedd bort frå naturens opsjonar.

Skredproblema ved Longyearbyen har vore emne på ein internasjonal snø-konferanse i Innsbruck i oktober. Teknologisk sofistikerte er dagens instrumentelle hjelpemiddlar å registrere spenningar i snølag.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS