Leserinnlegg:

Om korona-politikk

Det vi veit har covid-19 enno ikkje nådd fram til «øya». Eit klokt tiltak er karantene for dei som kjem i land.

Reinhard Mook deler sine tanker om korona-krisen.
Publisert

Det held borte alle som ikkje har sterke grunner for å komme og uvitande kan bringe med seg smitte.

Opne barnehage og skule for dei minste er ikkje noko å seie i mot her kor smitte ikkje finst. Men på fastlandet er planen stikk i mot internasjonale råd og politikk. Små born makter ikkje avstand og pinleg hygiene, og kan spreie smitte utan symptom. Det er ungdom på høgaste trinn og nær siste eksamen som utafor Noreg får tilbod om skule først. Noreg prioriterer barnehage og barneskule. Smittetala kan auke og skvalpe over til Svalbard.

Turismen på Svalbard har auka år for år med ymse ringverknadar. Drifte føretak med arbeidskraft frå tredjeland utan å syte for fallskjerm er urett. Ingen kan ha tvila på grenser for utviklinga, om enn ikkje bråstoppen. Politikarar i ulike rollar og næringsliv let som om det fanst ei snarleg framtid liknande stoa før pandemien. Det er truleg ein illusjon.

Vesentlege sider ved viruset er ukjende, til dømes om folk vert vedvarande immune og det lukkast å vaksinere. Årslange restriksjonar kan gjere at sjukdomen vert borte, men òg tære sterkt på samfunn. Går samfunn attende til kvardagen tidleg, er sannsynlegheita stor for ei framtid med bølgjer av infiserte, sjuke og døde.

Ressursar til turistar, båret oppe av økonomisk overskot, er sterkt svekka over heile verda. Hjelpepakker til næringar på Svalbard kan gjere fall mjukare, men ikkje over tid hindre at dei hender.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS