Leserbrev:

Om korona: Å krevje på kant med røynda

Innsenderen er kritisk mot å lette på korona-restriksjonene for Svalbard.

Reinhard Mook.
Publisert

Høge er ropa etter å opne Svalbard for turistar. Næringa treng faste tilsegn og datoar for å førebu for gjestar. Tenkjelege gjestar treng å vite de kan reise. Men pandemien si utvikling er døme på det tilfeldige. Trongen å planleggje forbyr seg.

Korona-virus si åtferd er ikkje kjend på førehand. Vaksinar gjev von. Men sjølv innafor rikets grenser er det att fleire månadar før «mange nok» er vaksinerte. Ingen veit kor lenge vaksinane er verksame og om de vil verne mot mutasjonar.

Planlegging føreset kunnskap om det komande. Syne ansvar krev å halde attende når kunnskapen manglar.

Argumentet «turismen på Svalbard er råka hardare enn på fastlandet» er tomt. For «rettferd» gjeld ikkje når det er tale om risiko for smitte. Svalbard er ikkje fastlandet kva gjeld evne til å svare på utbrot av korona i ein straum av turistar. Vaksinerte fastbuande hindrar ikkje eit lynsnart utbrot i ein sterkt rørleg flyt av turist-folkemengda.

Vere uthaldande i respekt for manglande kunnskap skulle vere den tryggaste haldninga. Å presse på styresmakta kunne minne om born som nektar for røynda.

Powered by Labrador CMS