Leserinnlegg:

Om å binde luftboren smitte

Hannibal (i 2.århundre før Kr.) utafor Romas portar var sikkert meir skremmande enn turistane på veg til Svalbard.

Reinhard Mook har sendt oss dette leserinnlegget.
Publisert

«Luftboren» her gjeld viruset på aerosol (svevestøv), ikkje turistane.

Nyaste gransking («Science» 28. mai 2020) av Covid-19 smitte-vegar syner at dråper og forureina overflater ikkje er dei einaste kanalar. Virus hekta til aerosol kan vere ein svært vesentleg smitteveg.

Reglane om minst 1 m, helst 2 m avstand går ut frå dråpar som søkk i bakken på nokre sekund (Stokes lov). Men svevestøv held seg i lufta i mange timar og berast mange meter i rom ved turbulens. Partiklar mindre enn 0,01 mm kan nå rett fram til lunga.

Mot smitte på aerosol er det å halde avstand ikkje godt nok. Ein person som taler spreier tusentals partiklar kvart minutt. Bind for munn og nase ville minke tala. - Taiwan som svært tidleg kravde bind fekk få infiserte. Folk som heldt avstand men song eller tala høgt utan bind har spreidd den nye lungesjukdomen.

Bind for munn og nase i avstengde offentlege rom kunne hindra ei tenkjeleg ny smittebølgje. Bind kunne gjere svalbardianarar og turistar tryggare for kvarandre.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS