Leserinnlegg:

Økonomisk vekst mot økologisk bereevne?

Lesarbrevet av Berit Våtvik (Svalbardposten 22. februar 2018) reiser spørsmål.

Publisert

Dei har vore oppe under industrireisinga på 1800-talet og var mykje drøfta etter Roma-klubbens utsyn på 1970-talet. Vekst-økonomien har halde fram, nye teknologiar er utvikla. Vekst trengst så lenge vi ynskjer å betre de materielle levekåra våre. Det som set grenser ser sola sin energi og tilgangen på stofflege ressursar.

Våtvik er inne på valet mellom ukontrollert samanbrot eller å spille på lag med økologiske føresetnadar. Det siste vil seie så lite som råd å gripe inn i flyten av energi og i fordelinga av stoff. Vi kan prioritere ikkje-fossil energi, resirkulere stoff eller erstatte det ved syntetisk materiale. Framsteg i økologisk retning krev enno økonomisk vekst. Vekst-økonomien har, trass i enorme tap ved konfliktar, skeiv fordeling av goda og aukande folkemengd, i sum betra levekåra i verda. Økologisk jamvekt vil tvinge seg fram, men må nåast varsamt for ikkje å ende i samfunns stagnasjon eller samanbrot.

Held vi oss til Spitsbergen! Menneska er ikkje tilpassa den arktiske natur. Vi tyr til kunstknep. Frå husa til maten, alt må hentast sørfrå. Legitimasjonen har vore å utvinne nær reint karbon og lagra solenergi. Så lenge metallurgisk industri treng reint kull er det økologisk tvilsamt å vrake tilgjengeleg Svalbard-kull og erstatte det med mindre miljøvenleg produsert og mindre reint kull frå andre stadar.

Kor stor busetnad og kor mange turistar skal Longyearbyen ha? Det har innverknad på kor mykje kloakk som går rett ut i fjorden, kor mykje vatn vi treng for å dusje oss og kor mykje varme vi treng for å syte for sommartemperaturar innandørs på kaldaste vinteren. Er ikkje sjølve turismen med alt den føreset eit fenomen som krev økonomisk vekst og auka pengemakt hos folk på den økonomiske solsida? Når Gruve 7 er tom om korte ti år, kvar skal varme og straum kome frå? I dag ligg det berre luftige idear på bordet.

Kor framtidsretta er verksemder som ikkje klarte seg utan mobil arbeidskraft på vilkår dei fleste ikkje finn attraktive? Med respekt for reiser som dannande verdi, kan det likevel spørjast kor økologisk framtidsretta det er å legge til rette for turisme og generelt for konsum og tenesteyting i Longyearbyen, berre for å få folk å bu på ein plass dei elles neppe ville ha budd. Monetært oppblåst turisme kan utvikle ein eigendynamikk som undergrev grunnlaget sitt.

Framtidsretta kan vere forsking, teoretisk og tillempa. Nyklar å bringe lys i mange av planetens gåter finst truleg i polarområda, til praktisk nytte og økologisk forankra velferd på heile kloden. Kontroll med jorda sin status ved satellittar og sikring av kulturplantar sine frø er verksemder som nytter Svalbard sine føremoner til økologiske formål. Berande vil vere verdiskapande innovasjonar byggjande på ressursar nett Svalbard byr på utan å tyne dei ut. Framtidsretta kan jamvel vere busetting som politisk reiskap for å verne om Svalbard som naturvitskapeleg referanse og arkipelets fredstiftande rolle statar i mellom.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS