Leserinnlegg:

Nord og ned – historien om ikke å komme seg til Svalbard

Korleis det er å bli stoppa då ein skal til det forjetta Svalbard?

Stoppet: Svein Olav Blindheim og kona Marte Uggen ble stoppet i Tromsø på vei til Longyearbyen.
Publisert

«Om alle gode makter står oss bi» sa vi før vi drog, og då hadde vi ikkje rekna med styresmaktene.

Denne vinteren trong vi ei oppmuntring, meinte kona mi, ho hadde fått eit uimotståeleg tilbod om å feire jula på Svalbard. «Et arktisk eventyr» sto det i mailen. Ho hadde alltid drøymt om å sjå nordlyset, og no skulle det skje, og det endåtil i julenissen og isbjørnen sitt rike.

Ein liten bagatell var kravet om corona-test. Den måtte vere tatt seinast 24 timer før avgang frå Tromsø, og den fekk ho tatt i heimbyen dagen før. At det kun var PCR- test dei kunne tilby, og at den kunne ta opp til 3 dager å få svar på, det tenkte ho ikkje så nøye over i gledesrusen.

Ved boarding på Gardemoen var prøvesvar enno ikkje kome. No drog det seg til, og det måtte overtalelseskunst til for å få dei til å ringe nokon. Tromsø, -Svalbard, - Julenissen? Kven som helst.

Dei ringte, og det hjalp. Etter 15 minutt forseinking var vi på veg mot det forjetta land. At dei berre sende problemet videre i systemet skjønte vi først seinare.

I Tromsø vart det full stopp. Vi vart beordra ut for pass - og corona-kontroll. Her var det grensepolitiet som rådde grunnen, og den grunnen var stø - , eller kanskje heller sta -, sta som fjell.

Min godkjende test var i ferd med å gå ut, medan ho trygla om meir tid for kanskje å få prøvesvaret på telefonen, eit svar som snart uansett ville gå ut på - tid. «You're damned if you do and damned if you don't.»

Eg kan avsløre at det blei heimejul.

Avlysing er ei kjend problemstilling for ein musikant i desse tider, men dette hadde ikkje behøvd å ende slik.

Etter å ha blitt bedne om å vente, og hadde venta ved passkontrollen i over ein halv time, og eigentleg hadde gitt opp, og var på veg ut, oppdaga vi at det vegg i vegg var ein teststasjon. DET var det ingen som hadde nemnt.

No var det igjen full mobilisering med hurtigtest og svar etter eit kvarter. Men då hadde vårt fly til Svalbard reist for 5 min sidan- det siste før jul.

Vår juleturné var dermed redusert til eit spørsmål om tur ned.

Heldigvis var det ein hyggeleg ung mann i Norwegian-skranken som forbarma seg og og skaffa oss billettar tilbake til Gardemoen. Ingen sjølvsagd ting midt i julerushet.

Jul vart det likevel. Feiringa nær polpunktet blei bytta med ei garantert smittefri og isbjørnfri feiring rundt bålpanna i hagen på austlandet. Der sat vi iført våre nyinnkjøpte poldresser og polvotter med polvarer som ei fattig trøst og gløtta opp mot stjernehimmelen i nord.

Powered by Labrador CMS