Leserinnlegg:

Med ansvar for dyr og veterinær

Svalbardposten nummer 21 fortel om at Longyearbyen Lokalstyre (LL) har avslutta avtalen om husvære for veterinær Astrid Vikaune.

Reinhard Mook mener Longyearbyen Lokalstyre har et moralsk ansvar for å sikre veterinæren bolig.
Publisert

LL hadde ikkje ansvar for korkje tak over hovud til veterinær eller dyra si velferd, vel heller ikkje for arbeidsplassar. Kan hende LL ser bort frå moralske pliktar? Dei kunne vere overordna jussen.

Historiske grunnar gjer at veterinærvesenet enno ikkje er eit offentleg ansvar i Longyearbyen. Men LL har akseptert ei etter måten stort tal på hundar, lagt til rette for hundegardar, tillèt hundar brukt i næring og tek i mot skattar. Jamvel har ikkje LL på eige initiativ sytt for velferd for desse hundar og andre dyr som måtte vere sjuke.

Ein veterinær har teke på seg risikoen å grunnleggje Svalbard Vet, skipa vel 4 arbeidsplassar. LL har ikkje ansvar for desse heller. Men LL pådreg seg jamvel ansvar når ei teneste som «eigentleg» skulle ha vore LL sitt ansvar skulle bli borte av di LL ikkje finn å kunne by bustad til veterinæren.

Om enn juridisk i sin fulle rett, moralsk kan LL gjere urett. Det synest å vere unikt i trist retning og det motsette av trygt og skapande, eit signal undermåls for Longyearbyen.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS