Longyearbyens energi frå sol og vind?

Vindklimaet på Platåberget, Breinosa og liknande stadar er lite høveleg for å drifte vindmøller.

SOLEFFEKT: En god sommerdag gir sola over byen en effekt på opptil 700 watt per kvadratmeter, opplyser innsenderen blant annet.
Publisert

Lesarbrevet publisert i Svalbardposten 10. mars 2021 klokka 19.00 ved Stübner og Rotevatn, «Energiforsyningen på Svalbard – fremoverlent og fornybart eller fortsatt fossilt?» ser i sol og vind byens energikjelder. Men ein altomfattande energirekneskap og realistisk arealplan er å etterlyse. Stråling og vind sin energi er svært så spreidde til skilnad frå til dømes vasskraft.

Solenergi

Ein klårvêrs-middag på sommaren gjev sola over byen opp i 700 Watt/m2 på ein horisontal flate. Det kan gi eit pent tilskot til kva byen treng av energi. Men det krevst òg lagerkapasitet om sommaren. Rekneskap for energi må ta med produksjonen av grunnstoff og reiskap til å gjere stråling om i elektrisitet, òg korleis utstyret kan byggjast ned att. Analoge kostnadar for energilager må reknast med. Endeleg trengst areal der anlegget å nytte sola si stråling ut frå naturtilhøva lyt stå.

Vindenergi

Vindklimaet på Platåberget, Breinosa og liknande stadar er lite høveleg for å drifte vindmøller. Dei kan heller ikkje sameinast med SVALSAT. På same måte som for solenergi må produksjon av vindmøller og nedbygginga deira takast med i rekneskapen for energi. Rekna i pengar vert vindkraft på fastlandet lønsamt berre og berre ved subsidiar.

Konklusjon

Isolert sedd kan sol og vind vere tilskot til den energien byen treng. Men i økologisk praksis krev energilova ein altomfattande energirekneskap. Høveleg areal til anlegga er ytterlegare vilkår frå naturens side. Sol og vind som berande søyle i energiforsyninga av byen reises difor spørsmål ved.

Powered by Labrador CMS