Lite sannsynlege vel 20 grader
Ekstremt og sjeldan er to sider av same mynt. Det sjeldne har si årsak i at fleire vilkår må vere oppfylte på same tid.
Vel kan sola på Svalbard varme ei grunn hinne av luft inntil bakken opp i 30 grader, men ikkje den svære massen av luft som gjev oss vel 20 grader.
Lufta er oppvarma over tørre strok i vestlege Asia. Ho sleiker med ei tunge over Barentshavet av di mønstret i lufttrykket legg til rette for det. Det er kalde havet og kalde lufta inntil som gjer at den lettare varme lufta flyter stabilt utan å blandast ut noko serleg med kaldare.
Endeleg er det høgt lufttrykk og topografi som får lufta til å siga over Svalbard og auke temperaturen ved å pressast i hop ved aukande trykk. Den observante opplever i desse dagar «solgangsbris», inn Adventdalen når sola står høgt, ut når ho står lågt.
Temperatur er ikkje det same som varme: Temperaturen fortel om lufta sin tilstand utan å seie noko om mengda av luft det gjeld. Varme fortel om energien i luftmassen. Den er for tida svær, uråd å få «heimelaga» på Svalbard. Eg legg til: Til all lukke.
Reinhard Mook
Longyearbyen