Kjell Mork - Nekrolog

Kjell Mork - Nekrolog

Publisert

Kjell Mork kom til Svalbard og til Longyearbyen skole i 1977. Han var ein dyktig lærar, han hadde ein naturleg og mild autoritet som skapte ro utan at han trong seie eit einaste ord. Men han stilte også klare krav til elevane sine. Arbeid skulle leverast til rett tid. Trong dei hjelp eller råd, så var han der for dei, heile døgnet. Og han var mild mot dei som ikkje alltid kunne møte desse krava.

I personalmøta var han, som alltid elles, roleg og stødig og han greip ikkje ordet i utrengsmål, men når han sa noko, så lytta vi andre. Gjekk det litt hardt for seg, var det ofte Kjell som kom med det forløysande og forsonande ordet.

Du høyrde aldri Kjell syte og klage, og i løpet av alle dei åra han arbeidde i skulen, var han ikkje ein dag borte på grunn av sjukdom, bortsett frå ein einaste gong: Då hadde han i eit forrykande uver køyrt utfor Sveltihelodden og var veldig nær å omkome. Han kom likevel på skulen dagen etter, møyrbanka og forslått og med nokre brotne ribbein. Men då sende rektor han heim.

Som ung var Kjell ein framifrå alpinist, og minnest eg rett, så var han rangert mellom dei ti mest håpefulle talenta. Litt skigåing vart det på Svalbard òg, men det gjekk ikkje lenge før snøscooteren tok heilt over. Han fór overalt, og det er ikkje mange av dei gamle fangsstasjonane som han ikkje har overnatta i.

Sin eigen fangststasjon bygde han på Vindodden, og der fekk han på sin 50-årsdag reist den russisk-ortodokse krossen like ved hytta si. Og hytta på Vindodden og hyttenaboane der betydde mykje for han.

Kjell var venn med alle og han behandla alle likt. Han var særleg oppteken av polakkane i Hornsund og besøkte dei ofte. Og var ein av dei i Longyearbyen og trong overnatting, så var heimen til Ingeborg og Kjell alltid open for dei. Det var ikkje utan grunn at vi spøkefullt kalla huset i Vei 224 «Hotell Warszawa».

Kjell Mork var ein sentral person i Longyearbyen. Han var aktiv medlem i Longyearbyen Jeger- og Fiskerforening. Han var styreformann i Svalbard Museum i nær 30 år. Han var sentral i arbeidet med å skaffe Longyearbyen Henrik Varming si samling av svalbardlitteratur og den unike kartsamlinga og Ingvald Johansen si nesten komplette samling svalbardsedlar. For å nemne noko. Sjølv hadde Kjell ei av Noregs største samlingar av polarlitteratur, kan hende den største i privat eige.

I 2003 vart Kjell vald inn i Longyearbyen lokalstyre, og frå 2007 til 2012 var han «ordførar». Han har fått både Tyfusstatuetten, Norges Vels medalje for lang og tru teneste, og Kongens Fortjenstmedalje for alt sitt samfunnsgagnlege arbeid.

Kjell Mork var fødd i Oppstryn 10. oktober 1948 og døydde 21. november i år, etter 35 år på Svalbard og kort tid etter at han pensjonerte seg. Han let etter seg kona Ingeborg, borna Even og Kristin og barnebarnet Edvard. Han vart gravlagd frå Oddernes kyrkje 30. november i år.

Det vil alltid kvile fred over minna etter Kjell Mork.

Hallvard Holm
Drøbak

Powered by Labrador CMS