Leserinnlegg:

Jula og etikken

Reinhard Mook deler noen av sin tanker og ønsker for julen.

Reinhard Mook deler sine juletanker og juleønsker med Svalbardpostens lesere.
Publisert

I Svalbardpostens Fotomagasin 2018/2019 skriv Leif Magne Helgesen om «Damen i isen» (Anne Lise Klungseth Sandvik): «Verdien handler om å glede andre, og bry seg…». Ein kunne òg seie på det over-personlege plan: Det gjeld å gløyme seg sjølv. Det er denne etikken jula dreier seg om, er kjernen i kvardagens religiøsitet.

«Velkommen til Longyearbyen» helsar Lokalstyret i same Fotomagasin. Stikkord fortel kor fint her er. Svalbardposten sine bakside-intervjuar vitnar stort sett om menneske som trivst. Dei fleste har overskot til å finne glede i naturen og har sjølvsagt rimeleg gode arbeidskår.

Men det seiast òg, sant eller usant, ikkje alle sambygdingar på 78 0 N arbeider etter rimelege avtaler. Det kan alltid seiast det er friviljug å søke om og ta arbeid. Jamvel var det trist om nokon i Longyearbyen skulle ha kår i grensestripa til det urimelege, og var eit bytte for mammons regime.

Eg vil lita på at etisk tvilsame avtalar ikkje førekjem rett under nordpolstjerna. Det kasta glans over lokalsamfunnet. Men om så ikkje var tilfellet? Dei som teier med tunga, dei skrik teiande og bed: Følg jula sin bodskap og praktiser menneskeverd og rettferd ved rasjonell kjærleik!

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS