Leserbrev:

Jordvarme

Infrastrukturen kostar, men sjølve varmen er gratis, energikjelda slepp ikkje ut karbondioksid, anlegga krev ikkje stort areal.

OM JORDVARME: Reinhard Mook.
Publisert

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.

Det finst stadar på Svalbard utan tele og permafrost. Ustabile element-isotopar i jordskorpa brytast ned radioaktivt og gjev varme. Sannsynleg 99 prosent av jorda sin masse held ein temperatur varmare enn 1.000 gradar. Kjernen av jorda kan vere på 5.000 til 6.000 gradar. Kan hende noko av varmen er att frå den tida planeten blei til, truleg for fem milliardar år sia. Nytte «geo-termikk» (av gresk ge = jord, termos = varm) har ein vel 100 års tradisjon i Italia. Teknologisk er «jordvarmen» godt utvikla i vulkanske strok som på Island. Men òg i andre geologisk brukbare område, t.d. Sør-Tyskland, Sveits og Frankrike, er jordvarme-kraftverk i drift.

Varme «nær overflata»

I gjennomsnitt på kloden aukar temperaturen med om lag 3 grad / 100 m djupn. Men regionale og lokale avvik er store.

Jordvarme frå inntil nokre 100 meter djupe hol nyttast i dag alt i mange bygg til oppvarming av luft og bruksvatn. Om turvande kan jordvarma vatn kombinerast med varmepumpar. Infrastrukturen kostar, men sjølve varmen er gratis, energikjelda slepp ikkje ut karbondioksid, anlegga krev ikkje stort areal.

I klima med ulik bruk av varme gjennom året kan overskotet av varmt vatn om sommaren leiast attende i undergrunnen. Den varmen lagrast der nede og kjem til nytte om vinteren.

Varme «frå djupna»

Økonomisk lønner seg varmen frå vatn eller eim på meir enn 100 0C. Dei kan produsere elektrisk energi ved dampturbin-teknologi. Finne så heitt vatn krev som regel å borre fleire kilometer djupt.

Til vanleg står vatnet eller dampen under høgt trykk. «Spent» vatn stig opp av eiga kraft – eller kan pumpast siste biten opp til bakkens overflate. For å halde jamvekt i vassforsyninga førast kaldt vatn attende til dei djupe vassleiande lag.

Inkje er utan risiko

For lite vatn tilgjengeleg i dei djupe lag, stengsler for krinslaup av vatn, kan gjere det vanskeleg å nytte jordvarmen. Ein freistar å opne tette berglag ved å bryte dei opp ved stort vasstrykk.

Ta opp sterkt spent vatn grip inn i gjevne trykktilhøve i djupna. Det vert spenningar i berget. Kreftene har fått skulda for lokale jordskjelv.

Båe vanskar med krinslaupet av vatn og uvisse om skjelv har gjort at varmebrønnar og jordvarme-kraftverk anten under bygging eller etter ei tids drift er skrinlagde, m.a. på kontinentet. Jamvel, flyten av varme i millionar av år fram i tid, tilgjengeleg uavhengig av sol og vind, gjer jordvarmen til ein nærliggjande opsjon på geologisk gunstige Svalbard.

Powered by Labrador CMS