Leserbrev:

Havariet i Hinlopenstretet

Reinhardt Mook om havariet i Hinlopenstredet

Publisert

Alt vi menneske gjer, det inneber risiko for ikkje å lukkast. Det gjeld òg fiske midtvinters på 80 gradar nord. Men risikoen er «kalkulert» og lagt under kontrollerande tiltak, det vil seie teknologiske hjelpemiddel. Om noko jamvel går gale, er det korkje «Guds vilje» eller hekser som kan skuldast som i gamle dagar, men det har årsaker. Her lyt vi avstå frå å skulda, enn seie kriminalisere, einskilde personar. Dei og feil må sjåast i samband med mange faktorar, psykologiske, organisatoriske, teknologiske.

Ingen omkom, korkje fiskarar eller hjelparar på helikopter. Det var ei lukke i ulukka at begge helikopter var klare for å rykke ut og vêret brukbart. Ytterlegare ei lukke at inga anna hending har kravd helikopter på same tid. Ymse slags risiko på Svalbard er god grunn for å halde seg med to moderne og velutstyrte helikopter.

Det vil alltid vere ein rest-risiko som ikkje kan førebyggjast eller kontrollerast, til dømes uvêr og fleire hendingar på same tid. Tal på brannmurar mot feil, art og omfang av hjelpa til råd, vil alltid vere avgrensa. Det er her tilfeldigheitene og det ikkje kontrollerbare kjem inn, som «lukke» eller «ulukke».

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS