Leserinnlegg:

Grenser for Svalbard-turismen

Hausten 1974 hadde Svalbard Lufthamn Longyear fått grusbane, Braathens SAFE landa og tok av. Store Norske uttala: Turistar luftvegen var ikkje ynskjelege.

Publisert

I dag kan seiast med romerske diktaren Ovid (43 f. Kr.-17 e. Kr.): Tidene endrast, og vi med dei.

Turistar fortel etter Svalbard-turer om altfor mange av sorten på byen og samla ute i skadde naturen. Longyearbyen skulle avgrense talet på turistskip til tre i veka, talet på passasjerar til færre enn eit tusen kvart skip. Det måtte ikkje bli fleire flyborne turistar og ikkje fleire stadar å overnatte på. Færre menneske måtte tråkke på tundraen. Framlegga speglar subjektive røynsler og syn, men er signal.

Turisme og forsking skal bere norsk busetting og suverenitet. Noreg er nær rolla som gjestgjevar for andre statars forsking i Arktis.

Turismen, er han nær sin eigen grense?

Mange i verda har råd til Svalbard-tur, men vil neppe drifte med straumen av ein flokk.

Det finansielle gapet mellom gjestar på ei side, løna arbeidskraft knytt til turismen på ei anna side, driv reiselivet. Flott om tapre personar med flittige hender kan legge opp nokre kroner til å hjelpe seg og sine i andre samfunn.

Men den geo-politiske bereevna av norske søyla «turisme» er ikke sikker. Fleire turistar treng meir drikkevatn, etter kvart reinseverk for kloakken. Fleire hotell og bustadar krev vassboren varme og elektrisitet. Fleire skip og fly frigjer karbondioksid. Longyearelva er snart temma, sletta kan byggjast på. Hotell som signalbygg? Om ikkje politikken styrer turismen vil denne styre politikken.

Reinhard Mook,
Longyearbyen

Powered by Labrador CMS