Leserinnlegg:

Grense for byens vekst

Turisme med knoppskott skulle bli eitt av beina for byen å stå på.

Artikkelforfatter Reinhardt Mook deler sine tanker om regjeringens siste innspill om boligpolitikk.
Publisert

Turistane er blitt generatoren til byens sterkt aukande vekst. Drivkrafta ligg i nær uavgrensa med folk i heile verda higande etter å sjå Svalbard, freista av reklame og dokumentarar. Komplementært tiltrekkjast aktørar i marknaden for å gjere butikk. Flittige hender trengst. Byen kunne snart vere utsatt for å vekse seg nær uavgrensa stor ved ein oppheta sjølvforsterkande prosess.

Funksjonen «å bu» er knytt til romleg-geografiske vilkår ingen kan kome utanom. Å snevre inn tilgangen på tomter og strengt å administrere bustadar gjer ein tvingande naudsynt ressurs til kritisk balansepunkt.
Fleire grunnar taler for styring av og tak i byens vekst, til dømes krava til infrastruktur. Den støtt minkande andelen norske statsborgarar i samfunnet må ikkje gå ned ytterlegare.

Signala frå regjeringa gjev von om likevekt mellom drivkrefter og næringar i byen innafor ei fast politisk vald demografisk og geografisk ramme.

Reinhard Mook
Longyearbyen

Powered by Labrador CMS