Framtida er alltid open

Om avviklinga i Svea.

Publisert

Avgjerda å stengje Svea med Lunckefjell er finanspolitisk rimeleg, om investerte midlar er tapt og vidare drift vil påføre ytterlegare tap. Ringverknadane er uvisse. Omstillinga i Longyearbyen under driftskvila er neppe prov på å kunne kompensere for det meste av verksemda i Svea. Som definitivt punktum, kan retten til det framifrå kullet gå tapt når Gruve 7 er tømt.

Familiesamfunnet Longyearbyen vil demografisk og sosio-økonomisk få ein smalare og i kjøpekraft veikare fot å stå på. Verken studentar eller Unis-tilsette vil fullt ut kunne erstatte den økonomiske impulsen Svea har gitt.

Turisme er ei form for konsum. Det tærer på Svalbards natur og verdas miljø. Vi må konvertere energi i heile kjeda frå kjelda for inntekt som gjev folk råd å vere turistar, til logistikk som føresetnad for Svalbard-tur. Turisme har såleis mange sårbare ledd.

Å avslutte i Svea utan å ta ut kullet frå det alt opna Lunckefjellet, er truleg ein geopolitisk signal òg. Avgjerda kan tolkast som ein målestokk for kor mykje nasjonalstatens rolle i Arktis skal få lov til å koste. Normen skal bli økonomisk lønnsam drift.

Tradisjonelt har suverenitet i noko monn vore knytt til å nytte materielle ressursar. Spitsbergen som del av Arktis, er ein ressurs for kunnskap ved forsking og eig danningsverdi for turistar. Den slags ressursar kan vise seg å vere mindre tunge argument enn kulldrifta har vært.

Powered by Labrador CMS