Leserinnlegg:

Forbyggingar i Lia

Syner til SP nr. 32 (30. august 2018), omtale av komande forbyggingar mot snøskred.

Reinhard Mook stiller spørsmål ved om det er nødvendig å rive alle husene som er planlagt.
Publisert

Ekspertgruppa gjer framlegg om vollar, heilt inntil Hilmar Rekstens vei i sør, ytterlegare demningar langs med nedre Vannlednings-vassdraget.

Grensar for faresoner byggjer på kva modellar av skred fortel. Men ulike modellar gjev ulikt resultat. Dei er objektive. Men føresetnader kan vere ulike, til dømes omsyn til detaljer i terrenget, venta ekstreme tilhøve i snøen, valde faktorar for tryggleiksmargin. Ingen modell kan fullt ut etterlikne naturen. I alle sine detaljar av dynamikken er skred ennå ikkje fullt ut forstått.

Plassering og truleg òg dimensjonane av tiltak øst for Hilmar Rekstens vei skulle ikkje sjåast som avgjort av naturen som ein øvste og absolutt domar, men heller som eit diskutabelt reknestykke. Òg av den grunn er det klokt om LL nøler med å rive alle hus bak grensene i tilfelle ein vil rekne ein gong til.
Det kan provast at ein etter skredhendingar psykologisk er budd på å vere særs streng med å tenkje tryggleik, utan å ville hevde dette i den aktuelle saka. Medan ein tidlegare rekna med koeffisientar for summarisk å ta omsyn til alt uheldig som kunne hende, reknast i dag med sannsyn for kombinasjonar av kan hende farlege tilstander. Det kan gi urealistisk høg risiko og difor føre til å overdimensjonere førebyggande tiltak.

Om skredbrems inne i øvre Vannledningsdalen er vurdert som alternativ til framlagd plan om demningar er ikkje kjend. Skredbrems ville vere eit mindre synleg om enn teknisk meir krevjande inngrep i naturen.

Elementa til forbygginga i Lia er råflott galvaniserte. Rustlaget på ikkje galvanisert stål vernar stål innanfor, sjå til dømes skinner på jarnbanespor. Rustfargen ville harmonert godt med tundraen. Lågare pris utan å galvanisere kunne gitt meir forbygging, den vanlege prioritering i Alpane å samanlikne med.

Reinhard Mook
Longyearbyen

Lite overtydde klimaskifte-turistar

«Klimaet» interesserer over heile verda. Å sjå klimaet under endring er blant motiva for å reise til Svalbard. Til og med klima-politikarar har kome i dette ærend. Men det er ikkje lett å sjå prov på utviklinga utan å fylgje teikn i naturen over tid. Oppleve «endring» på ein augneblink er i seg sjølv urealistisk å sjå fram til.

Vatn frys eller smelter ved temperaturen 0 0 C. Såleis reknast snøfonner og brear sine dimensjonar som svært så tydelege indikatorar for klimaet. Men sjå endringar krev å samanlikne tilhøva på ulike tidspunkt. Neppe turistar flest veit å tolke brear sine former eller morenar i termar av det aktuelt pågåande klimaskiftet. Tidsrekker over temperatur og nedbør speglar klimaet, men er abstraksjonar og ikkje i seg sjølve naturfenomen å sjå på og å oppleve.

Augneblinks opplevingar, til dømes steinskred, kan forklårast som resultat av opptining, men kan ikkje tingast å hende nett når turistar er til stades. Ein pågåande prosess sett på berre eit tidspunkt, til dømes doggfall på og avløp frå is, dokumenterer endring, men fortel lite om fart og omfang til den vanlege turist.

Utan å synfare og forklare merke etter klimaet i dag og på same tid merke etter klimaet i næraste fortid vil det reise frå Svalbard om intensiteten lite overtydde klimaskifte-turistar.

Reinhard Mook
Longyearbyen

Powered by Labrador CMS