Ein Svalbard-bank?
Sparebank1NordNorge (SNN) finn at filialen i Longyearbyen ikkje tener inn overskot «nok».

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.
Bort med den filialen som med fleire på fastlandet! Protestar og boikott? Berre å stå han av, tykkjer bankens øvste. Dei kjenner seg styrkt når sjølve finansministeren litar på SNN sine «gode digitale banktjenester» (SP nr. 40 s. 3).
Men digitale tenester er ikkje ekvivalent med ein bank å møte fagpersonar i. Fram for alt, Svalbard er ikkje Kongeriket Noreg, men eit territorium Noreg har suverenitet over og difor har særlege former for ansvar for. Suverenitet lever av å handhevast viseleg. Så langt har banken fysisk til stades vore ein lenke i så måte ved å tene fastbuande i alle busetnadar og gjestar frå heile verda.
Om korkje SNN eller andre ser ein bank i Longyearbyen nasjonalt og internasjonalt som vesentleg, er det å stifte ein Svalbard-bank utenkjeleg?
Reinhard Mook,
Longyearbyen