Den vanskelege turismen

Reinhard Mook om turismen

Publisert

Intet fram til i dag hindrer fleire turistskip og fleire flyseter å søke til Svalbard så lenge det er folk som kan og vil betale. Tal på turistsenger, serveringsstadar, butikkar for sportsutstyr har auka med turismen. Fastbuande aukar i tal, men ikkje få på lite flatterande vilkår. Krava til infrastruktur og administrasjon har auka òg.

Turistane sjølve og alt dei treng må fraktast til Svalbard. Det kostar energi, frigjer klimarelevante utslepp, gjev avfall. Svalbard som turistmål legg opp til at folk konverterer pengar i tenester her. Attraksjonen er naturen. Dei som opnar seg for han tek i mot impulsar, kan hende de former livssyn. Ein får håpe, optimistisk, fleire som reiser heim der ute i verda tek med seg age for naturen, kan hende vert til dråper som over tid og i sum får politisk tyngde. Eller er vinsten hos turister ikkje større enn heime kunne rose seg å ha vore ein eksotisk stad, berre X få kilometer frå nordpolen, ha sedd Y bjørnar men ingen oldingar, ha kjøpt rimeleg alkohol og spist elitært?

Spørsmålet treng seg på om turismen, på linje med prosesser i naturen, skal få utvikle sin eigendynamikk og finne si eiga jamvekt. Ein kan tenkje seg Longyearbyen som hotell-by, turistar som den herskande klasse på vegar og i butikkane, slitasje på tundraen turistane styrast til, trengsel alle plassar. Veksten i turist-trafikken vil ta til å gå mot metting når «masseturisme» skremmer bort dei som søkjer djupna som alltid er individuell.

Turisme som bein av fast busetting er eit uskarpt politisk mål. Skal Svalbard primært brukast som «pengemaskin» av finansielle interesser? Skal Svalbard primært tene som daningsobjekt der folk frå heile verda ideelt sedd både finn glede i og lærer seg respekt for naturen? Eller skal Svalbard vere for dei som elles keiar seg? Skal framtida vere turisme utan styring anna enn veksten i seg sjølv lagar av motstand, indre friksjon? Tida gnagar på byen og på øya.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS