Billigere med skredbrems

Vannledningsdalen, er vollar ein medisin som skulle vore spart?

Reinhard Mook lurer på om NVE også har vurdert skredbrems istedenfor å rive hus. Det er mye brukt i blant annet alpene.
Publisert

Svalbardposten nummer 6 side 10 fortel om hus som skal rivast, og gje plass for opp i 12,5 meter høge skredvollar. Alternativet med å byggje skredbrems for sørpeskred inne i dalen, lar hus og terreng utafor fjellfoten vere urørt, er ikkje nemnd.

Ein skredbrems for sørpeskred er ein konstruksjon som tek farts-energien ut av blandinga av is og vatn, og leier denne energien inn i bakken. Gjerne fast fjell. Ein sparar vollar og areal til dei, gjerne også pengar.

Med respekt for NVE sin ekspertise kan det tvilast på om ein skredbrems i det heile er vurdert, enn seie rekna på kva gjeld krefter bremsa måtte kunne tåle og kva ho ville koste. Utan å ha sett på dette alternativet først og samanlikna, står tiltaka ved Vannledningsdalen som uturvande skarp medisin til skade for landskap, sløsing med areal og bustader – og kan hende skamflekk med.

Reinhard Mook
Longyearbyen

Powered by Labrador CMS