Leserinnlegg:

Bak lukka hyttedør

I leiaren «Åpen hyttedør» 10.12.2015 foreslår Svalbardposten at Sysselmannen burde setja som ein premiss i utlysinga for fangstovervintring at ein må rekna med at det kjem førespurnadar frå media om besøk.

Collage fra Svalbardposten nr 10, fredag 11. mars.
Publisert

Svalbardposten meiner at lokalavisa burde få koma på julebesøk på Austfjordnes for å få fangsttradisjonane vidareført. Dette innlegget er eit svar på nemnde leiar. Det er skrive i desember, men kjem først på trykk etter første «postgong» til Longyearbyen. Me har ikkje lese kommentarane som har kome på internett, og har heller ikkje lese seinare utgåver av avisa.

Svalbardposten har eit godt poeng i at samfunnet vil få meir tilbake for at fangststasjonen på Austfjordnes vert halden i drift dersom me formidlar noko av det me gjer. Det er me einige i, og det har me også eit ynskje om å gjera på sikt. Men me synest ikkje at det hastige julebesøket er den beste anledninga til å vidareformidla fangsttradisjonar. Me ynskjer heller ikkje å bruka så mykje tid på å skriva at det går ut over det arbeidet me skal gjera her. Likevel vil me gjerne nytta høvet til å fortelja litt om kva me driv med her oppe, og korleis me tenkjer at me kan vidareføra viktige fangsttradisjonar gjennom arbeidet vårt her, og i livet etterpå.

Fangstlivet gir mykje fridom. Ein har store og ufatteleg vakre naturområde til rådighet og ein unik moglegheit til å få nytta dei gjennom alle årstider, utan å vera bunde opp av fastsette arbeidstider og andre forpliktingar. Ein kan bruka all tida si på å gjera det som for folk flest berre kan vera ein fritidsaktivitet. Det er eit stort privilegium. Ikkje minst når ein får bruka staten si hytte.


Men skal ein driva tradisjonell fangst på fulltid, er det også mykje og tungt arbeid. Ein må ta omsyn til vêr, vind, isforhold og ikkje minst variasjonane i kvar dyra ein fangstar på oppheld seg. Ein er sin eigen sjef og sin eigen klageinstans. Totalt sett overgår talet på arbeidstimar som fangstfolk dei timane ein i løpet av eit år brukar på ein «normal jobb», og det med god margin. I tillegg må ein jakta mat til seg sjølv og konservera den, jakta sel til hundane, ein må skaffa seg ved og vatn/is, og alt det andre som me i samfunnet heime gjerne tek som ei sjølvfølge, eller betalar oss ut av. Sjølv i moderne tid, med vêrmelding, båtmotor, motorsag og satelittelefon, må ein ynskja det sterkt for å driva med dette. Og ein må gjera jobben sjølv. Men kvar einaste dag får ein betaling i flotte naturopplevingar.

Lista over alt ein lærer av fangstlivet er svært lang. Ein lærer seg praktiske ferdigheiter, som å jakta, slakta, flå og konservera nøyaktig. Arbeid som ein sjølv må gjera for å verta flink til. Slike ferdigheiter formidlar ein ikkje gjennom avisa. Det er likevel noko ein får ut av det livet me lever her, i staten si hytte, som me kan prøva å dela med hytteeigarane gjennom Svalbardposten.

Gjennom å bruka naturen ved å hausta av den, har me lært å bli meir takknemlige og glade i den. Ynskjet vårt om å ta vare på naturen har blitt større av å bruka den meir, og det trur me er noko som vil gjelda for alle. Det er og svært tilfredsstillande å ta vare på alle delar av fangsten. Til dømes kan me laga mykje godt også av innmaten av rein. Alle skinna tek me vare på. Feittet og føtene kjem og til nytte. I tillegg til at me får kjøt og skinn av sel, kan klørne bli til fine smykke. Å bearbeida dei ulike produkta er ofte mykje arbeid, og det skal gjerast i tillegg til jaktinga.

Når det går hol på bukseknea og vottane, må me lappa og bøta. Mistar me dingsen som beskyttar kikerten, må me finna den att, eller laga ein ny. Her kan ingenting kjøpast for pengar. Me har kjent på kor lite me kan greia oss med når me tek godt vare på det me har, og når me reparerer det som går sundt. Kor lukkelege me kan bli til tross for, eller av det. Det er noko me alle burde tenkja meir på, anten me bur her eller der.

Er det noko me skal gjera som me ikkje kan, så må me gjera det likevel. Me har lært mykje som me elles ikkje ville hatt bruk for å læra. Det er ikkje sjeldan me har tenkt at akkurat dette hadde det vore fint å kunna spørja «Besto» eller «Besten» om korleis det var dei gjorde. Det er for seint for vår del. Heldigvis har me fortsatt foreldra våre, og andre, som me enno kan læra mykje av. Etter kvart som me har gjort våre erfaringar, er det nok nokon som kan læra noko av oss. Akkurat dette er kanskje ein av våre viktigaste erfaringar; kor viktig det er å læra seg desse tinga som ein ikkje treng å kunna no lenger – for kunnskapen forsvinn fort! Å læra av dei som enno kan, og å læra det vidare til dei som vil.

Tommy er eit viktig forbilde for oss, med erfaring og kunnskap som me kun kan drøyma om. Han har svara oss på spørsmåla våre og gitt oss gode råd når me har bedt om det, både i forkant av og undervegs i fangståra. Det har betydd mykje for oss. Me fekk også spørja Stefan, Linda og Andreas om råd då me førebudde oss på reisa opp hit. Etter vårt opphald her håpar me å kunna bidra til at dei som tek over etter oss kan lukkast som fangstfolk. Slik kan viktig kunnskap og viktige tradisjonar leva vidare.

Forutan å vidareføra fangsttradisjonar og kunnskap, sel me råvarer til Longyearbyen. Kjøt som er hausta av berekraftige bestandar her på Svalbard, må vera det mest korrekte å servera i Longyearbyen. At det kan kjøpast på restaurant der må vera ein viktig positiv følgje av at fangststasjonen på Austfjordnes vert halden i drift. Når me er ferdige å bearbeida skinnprodukta våre, håpar me at dei kan erstatta ein liten del av alt det syntetiske som er i marknaden. Eit mikroskopisk bidrag i det store biletet, men kanskje med ein viktig symbolverdi. Me tar også prøvar av muskel og lever av det me fangstar, og for nokre artar også diett- og spekkprøvar. Desse prøvane sender me til Norsk Polarinstitutt, og me håpar dei kan bidra til viktig forsking på utbreiing og verknad av miljøgifter. Når det er tid og moglegheit utanom fangstaktivitetane, plukkar me søppel.

Me trur at det er positivt både for menneska og for naturen at me er her på Austfjordnes og driv tradisjonell fangst i desse to åra, også utan avisa på julebesøk.

Til slutt vil me takka Sysselmannen for at dei har gitt oss denne moglegheita. Det me har lært og opplevd her vil me ta med oss for resten av livet. Forhåpentlegvis kan mange av dei me vil møta på vår veg også få nytte av det.

Frode Skar og Ragnhild Røsseland
Austfjordnes, desember 2015

På vei ned fra fjellet etter å ha felt en rein.
Austfjordnes fangststasjon, hvor forfatterne av innlegget driver overvintringsfangst.
Powered by Labrador CMS