Kvifor ser vi sola når ho eigentleg skulle vore borte?

Sola klokka 23.27 den 21. august 2019. To dager før det var slutt på midnattsola.
Publisert Sist oppdatert

Når vi ser sola like over kanten av jordkloden, sjølv om ho eigentleg skulle vore gøymd, er det fordi lyset frå sola blir bøygd når det går gjennom lufta. Dette skjer ikkje berre når midnattssola kjem og forsvinn, men òg når mørketida startar og sluttar, og elles når sola står opp eller går ned.

Grunnen er at lufta på jorda får lyset til å brytast. Lys reiser alltid sakte gjennom stoff samanlikna med vakuum (ingenting). Jo tjukkare lufta er, jo meir blir lyset bremsa og bøygd. Når lyset frå sola kjem inn mot atmosfæren, blir det bøygd nedover, spesielt når solstrålane kjem frå nær horisonten.

Dette gjer at vi ser sola litt høgare på himmelen enn ho eigentleg er. Difor kan vi sjå midnattssola tidlegare om våren og seinare om hausten enn det vi ville gjort om lyset gjekk i ei heilt rett linje.

I Longyearbyen merkar vi dette best mot nord om sommaren, der landskapet er lågast. Når vi reknar Nordenskiöld Land ned til havnivå, fører fenomenet til at vi kan sjå midnattssola ei veke lengre og at mørketida blir to veker kortare enn vi elles skulle tru. Kald luft om vinteren forsterkar dessutan lysbøyinga.

Powered by Labrador CMS