Debatt:

Dilemmaet kol

– Ein kan ikkje plutseleg stengje alle kolkraftverk. Heller ikkje ei verd utan stål er ein opsjon.
Publisert

Konsentrasjonen av karbondioksid i atmosfæren stig, den globale temperaturen i atmosfæren og i havet likeså. Samanhenget er komplekst. Det same, verda må bort frå å bruke kol.

Ein kan ikkje plutseleg stengje alle kolkraftverk. Heller ikkje ei verd utan stål er ein opsjon. Å vinne 1 tonn stål gjev 1,8 tonn karbondioksid til atmosfæren. Den for klimaet særs uheldige måten, la malmen reagere med kalk og kol, står enno for 70 prosent av verda sin stålproduksjon. Han aukar med folkemengda. Det ligg i framtida å produsere meir stål ved elektrisk lysboge eller hydrogen.

For klimaet har det lite å seie kor i verda kolgruver ligg. Men geopolitisk og for velferda er det ikkje likesælt under kva statleg autoritet og rettssystem kol takast opp.

Å stengje Gruve 7 før ho er tømt, er ikkje det å sløse bort ein ressurs som per i dag vil måtte dekkjast av ei anna gruve?

 

Powered by Labrador CMS