Brakkene i Nybyen har rett som det er blitt evakuert grunnet skredfare. Det skjedde også i helga. Leserbrevinnsenderen stiller spørsmål ved behandlingstiden på et privat initiativ for skredsikring.
Arkivfoto: Audun Bårdseth
LESERBREV:
Longyearbyen og snøskreda
Atter
må nokon evakuerast frå Nybyen grunna snøskred-risiko, fortel Svalbardposten den 10.
januar 2025. Byen sitt forhold til skred de siste tretti åra har pendla mellom
å gløyme risikoen, så truleg å overdrive han, til sist å synes passivt kva
gjeld Nybyen.
Tapt
kunnskap
Enno ut
Svalbard Samfunnsdrift si levetid fortalde stakar ovanfor spisshusa om
snødjupna. Informasjonen om skred-risikoen og stakar blei borte med personane
som visste. Eit opplegg utan over-personlege sikringar svikta. Merksemda på
skred som kunne råka byen blei borte.
Sysselmeistaren
på synfaring, og folk den formiddagen det dødbringande skredet gjekk i 2015, tolka
ikkje den oppbulande forma av vindfrakta snø som ei masse i kryp. Skredet i
2017 lausna under Sukkertoppen ein stad ingen hadde venta.
For
mykje av det gode?
I
ettertid kom opp fokksnøgjerdet på nordre skulder til Sukkertoppen. Fokksnø frå
aust skal bli liggjande i le ovafor
skråninga. Ein diger, imponerande og pen fangvoll er bygget. Til overmål er
snøstøttar forankra i frossen berg i lia opp til Sukkertoppen. Ein elles
uvanleg dobbelsikring som får utanlandsk fagmiljø til å spekulere i norske
olje-pengar på kostnad av det globale klimaet.
Risikoen for sørpeskred i Vannledningsdalen er redusert
ved fang-kjettinger. Det sparer landskapet for svært synlege vollar som Longyearbyen lokalstyre og NVE lenge hadde tviholdt på.
Stebarnet
Nybyen
Nybyen,
ei kulturhistorisk perle halden ved like ved å brukast, har summarisk vore rekna
tyngt med relativt stor skred-risiko. Den har Longyearbyen lokalstyre revidert til å vere
mindre, truleg teken omsyn til topografien. Jamvel finst ein rest-risiko. Eit snøfokkgjerde
kunne gjere han enda mindre, halde attende snø på platået av Gruvefjellet. Då vil ein ytterst sjelden eller aldri måtte evakuere Nybyen.
Eit
gjerde er eit inngrep i naturen. Formålet å halde snø borte frå å bli til
skavlar og skred inneber å dyrke ei snøfonn på platået. Eit privat framlegg om
fokksnøgjerde seiast å ha venta på løyve frå Longyearbyen lokalstyre i snart to år. Etter å
ha sikra sentrum synes iveren etter å sikre mot skred noko lamma i dette
tilfellet.