LEIAR
Har forsømt boligansvaret lenge nok
Bustadmarknaden i Longyearbyen er i ein stor skvis. Det er for få bustader og dei som finst er særs dyre - på den private marknaden. Longyearbyen lokalstyre (LL) har skvist seg sjølv. Dei eig i dag over 120 bustader som dei i alle år har leigd ut billig til sine tilsette. Så billig at dei no er i særs dårleg forfatning. I 2022 kom ein rapport som sa at LLs leilegheiter hadde byens dårlegaste standard.
I 2010 vart husleiga i LL ei stor sak for lokalstyret. Husleiga dekka ikkje vedlikehald av bustadene. LL satt med et vedlikeholdsetterslep på 210 millioner kroner.
Svalbard Høgre mente husleia måtte opp. For kven var det mest riktig at skulle betale? Dei ansatte i LL sjølve, eller folk i byen som betalar fem gonger meir for leie av sin bolig? Dei tilsette var forbanna, ni fagforeiningar protesterte.
I 2012 vart husleigene auka, men ikkje nok til at LL fekk dekka utgiftene. Sidan har det humpa og gått.
I 2019 byrja LL å jobba for å overføre bustadene til Statsbygg. Argumentet frå lokalstyreleiar Arild Olsen (Ap) var å rydde opp, få ei rasjonell bustadforvaltning.
Då prosessen med overføring starta, stoppa vedlikehald og oppgradering. No er det kritisk. Fleire bustader er ubebuelege, opplyser sektorsjef Anne Vera Skrivarhaug.
No har LL fått forslag til avtale om overføring til Statsbygg, men den har gitt kalde føter. Staten krever at LL faktisk betaler kostnaden ved å vedlikehald. Avtalen medfører ein markant auke i utgiftene LL har til bustader til tilsette.
– Det er snakk om flere millioner hvert år i ekstrautgifter, som enten må dekkes inn i økt husleie eller kutt i tjenestetilbud, sa Svalbard Høyres Jo Gytri i førre lokalstyremøte.
Det bør ikkje vera overraskande at det er dyrare å ha ein bustad som skal vare over tid, enn å la dei forfalle.
Historikken viser at LL ikkje bør sitte på ansvar for ein stor boligmasse. Dei har ikkje forvalta den klokt, berre utsett problema til krisa er der.
Då er det bedre at ein stor aktør får jobben med å tenke heilskapeleg rundt Longyearbyens statlege og offentlege bustader. Sjå oppussing, sikring, riving og gjenoppbygging i eitt. Sørge for at bustadene blir energieffektive.
Det er også viktig at dei som styrer i Longyearbyen kjenner på kroppen kva det kostar å bu her. Kvar skoen trykker. For privat næringsliv er ikkje bustadene berre dyre - dei er heller ikkje å få tak i.
Skjæringa er allereie kopla frå folk flest med sine goder.
Det kan ikkje LL bli. Lokalstyret sin jobb å løfte opp dei store bustad-utfordringane Longyearbyens innbyggjarar og næringsliv har, ikkje berre sine eigne.
God november!