MENINGER I REINHARD MOOK

Føniks og å leve over evne

«Tida si tann gnagar på alt, fjella med. Etterskottet i seg sjølv er prov på at samfunnet alt lever over evne.»

Avfallsanlegget er flyttet til Hotellneset.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er mer enn ett år gammel.

Leiaren, Svalbardposten nummer 16/2023, stadfester ved døme at Longyearbyen lokalstyre er på defensiven med å halde ved like infrastruktur og bygg. Tida si tann gnagar på alt, fjella med. Etterskottet i seg sjølv er prov på at samfunnet alt lever over evne. Mindre eller større pengesluk kan opne seg når som helst, til dømes å måtte auke forsyninga med uunnverlege drikke- og sløkkjevatn.

Arven etter å ha fått nytt og naudsynt søppel-anlegg må ikkje freiste til ytterlegare offentlege tilbod det kunne vært stas i Longyearbyen å ha. Lokalstyret vil måtte prioritere skarpt. Eg ville ikkje velje å stengje Svalbardhallen og bassenget til føremon for Føniks. Men kunne Føniks tenkjast som eit privat initiativ etter samvirke-prinsippet?

Powered by Labrador CMS