LESERBREV - Konferanse til Svalbard

Hengjer på greip?

Longyearbyen har delvis flytta på grunn av klimaendringane. Hus er fjerna frå Lia, og nye blokker har poppa opp på Elvesletta. Er det riktig å invitere til store konferansar på Svalbard? spør Reinhard Mook i dette leserbrevet.
Publisert Sist oppdatert

Varmare og lengre somrar og mildare vintrar på Svalbard kan skape ei heilårs ikkje frossen sone imellom ei ytre jordskorpe med tele om vinteren og permafrosten. Det vil endre mekaniske og hydrologiske eigenskapar av tundrabakken.

SAS, Norwegian og andre flyselskap freistar med rimelege fritidsreiser. Men eksos frå fly er klimarelevant. Svalbard, så er den politiske viljen, skal leve mest av turismen. Den og busettinga er avhengige av å tilføre «alt».

Sparebankforeininga planlegg ein svær konferanse på Svalbard. Tema skal vere Noreg si rolle i verda. Emnet har lite å gjere med Svalbard, sedd bort frå øya som arena for polarforsking.

Namngjetne gjestar er venta, folk som treng mykje politi for å vere trygge. Personar og varer skal fraktast opp til 78 grader nord og attende. Tidlegare stjerner på den politiske eller økonomiske himmelen kostar ikkje smålåtne honorar. Synspunkta kan vere interessante, men kva så i verda under spontan endring?

Kven betaler? Naturen ved isen som smelter. Bankar som hentar pengar frå kundar. Ei arktisk flyrullebane som bryt saman i gjørme er ikkje berre fantasi.

Powered by Labrador CMS