LESERINNLEGG:

Flått i nord

Forstørra i sterk lupe: Ei skogflåttnymfe (lengd 1-2 mm). Dersom ho får suge på eit vertsdyr (eller på eit menneske), vil ho modnast til vaksen ho- eller hannflått (3-4 mm). På den raude bakre halvdelen kan ein lett kjenne att (den vaksne) hoflåtten; difor kallast ho raudrævapåte; nett det er lettare å sjå i naturen og når ho går eller sit fast på huda enn på biletet. Merk: Det er nymfa som oftast syg på menneske (i 80% av bita).
Publisert Sist oppdatert

Kva tenkjer ein lesar som ser overskrifta «Borrelioseflått oppdaget på Svalbard»? Kan hende han trur det same som då han las Nordlys i 2012; tromsøavisa slo stort opp at «Nå har flåtten kommet helt til Svalbard»? Lesaren kan tenkje: Er «flåtten» komen til Svalbard, er det vel truleg at han óg finst i Tromsø, Nordreisa og Porsanger? Og er kan hende allereie stadbunden på dei plassane?

Med «flått» i overskrifta vil dei fleste tru det korkje handlar om smågnagarflåtten eller fuglefjellsflåtten, men skogflåtten (Ixodes ricinus). Difor er store oppslag om «flått» langt utanfor kjent og akseptert område for skogflåtten forvirrande og sensasjonsprega. Bak båe oppslaga ovanfor er nemleg fuglefjellsflåtten emnet, men han har inga ålmenn interesse på same måte som skogflåtten; dei færraste kjem i nærleiken av ein slik flått. Med unntak av fugleforskarar, eggsankarar eller fugletittarar (til dømes på vitjing på Hornøya ved Vardø).

Fugleforskarar har funne og blitt bitne av flåttane på fuglefjell i «alle» år. I samband med NRK-serien «Fuglefjellet Hornøya» i 2016 kunne ein forskar fortelja at dei heile tida plukka bort flåttar av seg sjølve, og tre av forskarane hadde fått Borrelia-infeksjon. Heile 80 prosent av flåttane hadde Borrelia-bakteriar i flåttmagen, sa forskaren. 

Ikkje alle som vart bitne, fekk infeksjonen (det er nok det same som med skogflåtten – det tek ein dag eller to før bakteriane går inn i «offeret»; ein god regel er å førebyggje borreliose ved å «ta flått-sjekk» dagleg i flåttområde!) Fuglefjellsflåttane kan altså bite menneske; noko som verkar tvitydig i artikkelen, sjølv om dét er utgangspunktet for artikkelen!

Skogflåttnymfa er lita, men gråsvart og lett å sjå sjølv for gamle augo.

Fuglefjellsflåtten (Ixodes uriae) kallast òg «alkelus» eller «lundelus» og har størst utbreiing av alle flåttar. Dei finst «i heile verda», i Arktis som i Antarktis. Desse flåttane fylgjer sjøfuglane, som dei syg blod av for å kunna vekse, mogne for å gå til neste trinn i livssyklusen. Til prosjektet «Flått i nord» på UNN (i det høvesvis flåttfattige Nord-Noreg) vart nærare 2000 flåttar av ymse slag samla inn frå stader der folk og dyr i Nord-Noreg ferdast. Alle flåttane vart granska i mikroskop, og berre 1 prosent var noko anna enn skogflått. Ikkje éin einaste fuglefjellsflått gøymde seg inni den ein-prosenten.

Powered by Labrador CMS