
Også menneske bør vernast med avstandskrav
Fangstmann Tommy Sandal vil ha slutt på at turistar – og nyfikne fastbuande han ikkje kjenner – dukkar opp og fresar forbi bistasjonen på Kapp Schollin. Hytta er hans hovudbase på vinteren då det ikkje går å koma seg over til hovudstasjonen på Akseløya.
Han har blitt fangstmann for å leve av og i naturen. Sidan han overvintra på Kapp Schollin i 2007 har snøskutertrafikken auka betrakteleg. Folk bankar på vindauget, kjem bort for å sjå kva han held på med og tek bilete av denne kuriositeten av ein mann. Både privatlivets fred og arbeidsro kjem ut av rytmen når han blir oppsøkt av «gud og enhver mann i tid og utid», skriv han i eit brev til Sysselmeisteren.
Han blir forstyrra av motordur og eksos. Villmarkskjensla og livskvaliteten som er heile grunnen til at han valde å bli fangstmann blir vesentleg redusert.
I ein artikkel i Svalbardposten foreslår han ei løysing. Ei avstandsgrense til stasjonar og hytter med folk i.
Turistar som kjem opp i hytteveggen drar ikkje berre til Kapp Schollin. Også andre hytteeigarar og -leigarar har same problem.
Sjølv opplevde me å bli invadert i Skansbukta etter å ha vunne hyttetrekninga. Me gledde oss til å kople av, vera i naturen, kasta stein i vatnet med ungane. Rett etter at me hadde fått installert oss i hytta, kom ein guide frå eit mindre cruiseskip og banka på. Han informerte om at no kom dei i land ei gruppe turistar.
Så velta det inn med folk som tok bilete av oss raringane utanfor hytta. Dei gjekk mellom oss og stranda. Ungane tykte det er utriveleg. Me gjekk ikkje ned i fjæra for å kaste stein, men flaug drake og heldt oss på ei snorlengdes avstand. Turistane reiste ikkje før det var klart for middag og leggetid.
Same stad har guidar som bur i Longyearbyen kome og spurt om det var greitt at dei slepte turistane i land, og me svarte helst ikkje. Det respekterte dei og tok med turistane til den andre sida. Slik burde det vere – slik burde alle gjere – men slik er det ikkje.
Derfor støttar eg ei forskrift som skjermar fangstfolka i felt for uønskt trafikk, men også gir avstandskrav til turistfølger ved hytter som lokale brukar. Det må gå an - på same måte som for kvalrosskoloniar.
Så kan dette vera med på å styrke Longyearbyen som (paradoksalt nok er) et berekraftig reisemål.
Og imens kan me juble over frivillige som lagar pusterom. Polarjazz og artistane set livet i perspektiv. Livet er den tida det tek å døy, minner Lars Saabye Christensen om.
Roen i naturen er verd å kjempe for.