Diesel-lukt, kor ofte?
En gul sky av smog lå innover Adventdalen noen dager i vinter.
Leserfoto
Seinast den 8. desember 2024 kl.11 var eksos
etter brent diesel i kraftverk aust emne i SP. Gassar og partiklar tilført lite
skifta luft kan gi konsentrasjonar relevant for helsa. Eg (RM) har ikkje data på
kor mykje av ymse stoff per tid diesel-motorane tyngjer Longyear-lufta med. Men
eg har tall på kor ofte lufta venteleg står «stille» over byen.
Tung
stabil luft
I den
«kalde årstida» taper bakken tidvis varme til atmosfæren ved å stråle bort
energi. Bakken er da varmesluk for lufta. Kald luft, tyngre
enn varmare, kan i periodar ligge stabilt over byen liknande eit lokk. Eksosen finn
jamvekt og legg seg lagforma i høgd med luft av nær same temperatur. Berre
skilnadar i trykk som gjev vind, røskar opp lufta og tynner forureiningar ut.
Kor ofte lite vind
Eit grovt estimat for lite vind i byen kan bygge
på observasjonar tekne på lufthamna. Middelvind over 10 minuttar på «tidspunkt»
er ikkje eksakt det same som tilstanden av vedvarande vind, men kan tilnærma tolkast
å gjelde tidsrom.
Anta at vindstille, flau og svak vind, vil seie vind
opp i 3 m/s på lufthamna, gjev dårleg lufting i byen. I de 17 åra 2006 t. o. m.
2022 (granska av RM) var den relative hyppigheita i prosent for månadane:
okt.
|
nov.
|
des.
|
jan.
|
feb.
|
mar.
|
apr.
|
12% | 8% | 6% | 7% | 8% | 6% | 13% |
Fem prosent av 30 døger (månadar) utgjer 1 ½
døger.
Inntil tre „stille“ døger/månad
Om òg lett bris (opp i 5 m/s) på lufthamna
inneber vilkår for forureina luft i byen meir enn ein vil tole, aukar luten i
prosent av tida:
okt.
|
nov.
|
des.
|
jan.
|
feb.
|
mar.
|
apr.
|
26% | 16% | 14% | 17% | 18% | 15% | 27% |
Med føresetnadar som nemnd, vil mellom eitt til
tre døger i månaden om vinteren by på
lite luftskifte.
I juni og juli vil opp i svak vind på lufthamna dekke
25 prosent av tida. Luten stig til litt over 50 prosent om lett bris tel med.
Men nå vil soloppvarminga av bakken gjere han tidvis til ei varmekjelde. Lufta
inntil bakken vil da vere labil og sirkulere vertikalt.