Energiknipa

Publisert Sist oppdatert

Historia om kva Longyearbyens framtidige energikjelde skal vera, er lang og krunglete. Heilt sidan dei tok over ansvaret for energiverket i 2002 har politikarane uroa seg over tilstanden. Grandiose planar og visjonar har lege på bordet, for så å bli kasta i næraste søppelkurv.

Alt i 2006 løfta tidlegare Unis-direktør Gunnar Sand opp visjonen om eit CO2-fritt Svalbard innan 2025. Han jobba for å få CO2-rensing av kolkraftverket. Unis bora etter CO2-brønner, alt såg ut til å vera klart til ei arktisk månelanding, men prosjektet fekk aldri pengar til å koma seg ned på jorda.

Sidan har det stadig kome nye utgreiingar om kva for energikjelde som skal gi liv og varme til Longyearbyen i framtida.

I samband med behandlinga av førre svalbardmelding, bad Stortinget regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar. Olje- og energidepartementet gjorde nærmare vurderingar av eit utval alternative energiløysingar.

I september 2021 ba regjeringa Longyearbyen lokalstyre utarbeide ein konkret energiplan i løpet av 2022. Ei energiløysing basert på fornybare energikjelder og diesel/multifuelteknologi var etter regjeringa si meining den løysinga som gav høgast forsyningstryggleik, lågaste kostnader og samstundes gjer det mogeleg med trinnvis oppbygging av ei langsiktig, fornybar energiløysing.

Same månad vedtok lokalstyret at dagens reservekraftverk som går på diesel skal overta Longyearbyens straum- og fjernvarmeproduksjon innan hausten 2023. Løysinga skulle vera midlertidig med ei driftstid på maksimalt ti år. Etter det skulle ei ny og fornybar energiløysing på plass.

Sidan har verda endra seg og fleire har stilt spørsmål knytt til forsyningstryggleik og pris. Lokalstyret har laga energiplan og fått ein tredjepart til å kontrollere den. Denne siste rapporten peiker på at vurderinga av forsyningstryggleiken i stor grad er utdatert eller unøyaktig og at det er ein stor risiko knytt til pris. Malte Jochmann (MDG) oppsummerer slik:

– Rapporten viser at det har vært en forferdelig dårlig prosess som er kjørt av lokalstyret. Kanskje har man følt seg litt for trygg, og dermed ignorert de kritiske spørsmålene. Vi har jo stilt spørsmål om forsyningssikkerhet flere ganger, men alt ble jo bare avfeid.

Etter at ny, fornybar, sikker energi har vore jobba med i om lag 20 år, er det rart ikkje alle punkt knytt til forsyningstryggleik og pris har vore følgde opp betre. Ikkje minst i arbeidet med overgang frå kol til diesel. At politikarane først no, etter bestilling i tysdagens møte, skal få ein plan som gir ordentlege svar på korleis overgangen trygt kan føregå, heng ikkje på greip.

Det er bra dette skal på plass før overgangen skjer. Men det byrjar å haste no.

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS