LESERBREV:

Kroppen treng mangan. Men «for mykje» er giftig.

Isdammen er Longyearbyens viktigste drikkevannsreservoar. Men er vannet her til å stole på?

Takk til Tina Dahl. Lesarbrevet hennar i Svalbardposten den 20. februar 2025 peikar på drikkevatnet. Det kan i Longyearbyen vere ein langtids helserisiko. Utan mangan ingen fotosyntese på tundraen og korkje rev eller rein. Menneska òg treng mangan til blant anna protein og enzym. Overskott på mangan lagrast i lever, nyre, bein. Mangan påverkar mellom anna psyke og det sentrale nervesystemet. Mangan opptrer ionisert og i fleire enn 100 mineral.

Naudsynt og giftig

Kroppen treng mangan. Men «for mykje» er giftig. Mangan er godt spreidd i biosfæren. Difor er underskott sjeldan. Øvre grenseverdiar er «problematiske»: Uvisse er de vegar mangan tek i kroppen og fleire av de biologiske prosessar. Inntak av mangan frå ulike kjelder kan fremme eller bremse opptaket. Kor store konsentrasjonar over kor lang tid og personalder lyt takast omsyn til? Korn og nøtter er rike på mangan, fisk og kjøtt fattige.

Britiske regler seier at born opp til 4 år skal ikkje få i seg meir enn 2 milligram kvart døger, ungdom opp til 8, vaksne 11 mg / d, men eldre over 50 år jamt minkande dosar av omsyn til levera. Nokre nasjonale råd seier meir enn i sum 4 til 5 milligram kvart døger var unngå.

Kosthald er individuelt. Det er enklare å setje normer for mangan i vatn. Internasjonalt øvre grense er 0,05 milligram i kvar liter (=50 mikrogram / l). Døme for ei spesifikk øvre grense er WHO sin verdi på 0,08 mg / l for ikkje amma spedborn inntil dei får fast føde.

Vatnet i Longyearbyen

Mangan i vatnet, Tina Dahl nemner gjennomsnittet 0,061 mg / l, ligg over grensa. Ekstreme verdiar ti gongar større førekjem. Berre hyppige målingar kan syne kor ofte og kor lenge så hender og kor mykje mangan over tid faktisk kjem frå springen.

Om lag 0,1 volumprosent av jordskorpa er mangan, på rank 12 etter minkande hyppigheit av elementa. Ikkje rart at mangan finst i vår berggrunn. Dette tungmetallet (densitet 7,4 g / cm3) finst konsentrert ved fysikalsk-kjemiske prosessar. Toppane kan skuldast flyt av vatn i høve til lagrar i berget eller tilhøve i leiingsnettet, eller båe òg. På linje med vêret som vi kler oss etter, bør aktuell konsentrasjon av mangan i vatnet vedvarande gjerast kjent.

 

Powered by Labrador CMS