LEIAR
Eit stort tillitsproblem
Redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
I mars i fjor landa eit digert transportfly frå Forsvaret i Longyearbyen med nødaggregat. Utfordringar med energiproduksjonen gjorde at Sysselmeistaren trykte på den store raude knappen. Før overgangen frå kol til diesel, lova lokale styresmakter at alt skulle gå smertefritt, det var nok kapasitet både til drift og reserve. Så kom folk i grøne arbeidsklede og monterte konteinarar som tidlegare har gitt straum i Afghanistan og Irak.
Ikkje lenge etter fann Longyearbyen lokalstyre ut at det er legionella i drikkevassnettet. Truleg har me hatt det lenge utan at det vart oppdaga. Men no skulle det klorast og spylast ut. Etter gode testsvar i haust, fann LL i slutten av desember ut at noko var gale med kloranlegget. Først to månader seinare varsla dei befolkninga. Då var nivåa så høge igjen at garderobane i symjehallane vart stengde på flekken. Kvifor fekk ikkje folk beskjed med ein gong slik at dei som må ta omsyn kunne gjera eigne vurderingar?
Og før resultata på dei nye prøvene kom, byrja fleire innbyggjarar å stille spørsmål ved høge mangantal i Longyearbyen. Svalbardposten fekk lesarbrev om temaet. Det har historisk vore for mykje mangan i drikkevatnet, men i haust gjorde verdiane eit stort hopp. Det kom likevel ikkje noko varsel frå styresmaktene. Leserbrevforfattarane stilte spørsmål ved om vatnet var trygt å drikke, og viste til at born kan få nevrologiske skader av for høge verdiar.
I lokalstyremøtet i februar vart innbyggjarane trygga. Det er høge verdiar, men ikkje så høge at det kan gi skader.
– Da må du drikke 15 liter vann per dag over flere år, men så er det et faktum at en dør av vannforgifting etter 10 liter», informerte administrasjonen.
Halvanna veke seinare la LL ut pressemelding om at spedbarn ikkje bør drikke vatnet. Det er ikkje trygt for born under 12 månader. Då var det gått nesten eit halvt år med alt for høge verdiar.
Foreldre med barn under 12 månadar fikk hente gratis fastlands-vatn på Svalbardbutikken. Det er rasjonering på kor mykje kvar husstand elles kan kjøpe. Me blir forsikra om at vatnet er trygt å drikke for dei over tolv månader.
Likevel kjøper folk vatn på butikken. Barnehagen deler ut kjøpevatn. Plastdunkar fyller opp avfallskonteinarane.
Tilliten til lokale styresmakter er alvorleg svekka. Dei må gjere ein stor jobb for å bygge den opp igjen. Dei må forklare kva dei gjer, kva status er og offentleggjere alle tal slik at folk sjølve kan vurdere på alle felt.
Dette skjer i ein sikkerheitspolitisk situasjon me ikkje har hatt før, der tillit til styresmaktene er særs viktig. Sjølv om det er lokale styresmakter som har gjort feil med informasjon no, må også sentrale styresmakter koma på bana. Longyearbyen har som Robert Johansen tatt på seg utestemma. Infrastrukturen må sikrast. Staten må ta rekninga. Det kan bli for dyrt å la være.
Slik det er no treng ikkje nokon å teste hybrid krigføring i Longyearbyen. Det er berre å lene seg tilbake og finne fram popkornet.