LEIAR

– Det er ikkje nok berre å snu på steinane

Redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Publisert Sist oppdatert

Vel kommen heim etter sommarferie! Det har vore ei gravemaskin i vinter-drikkevasskilda, men det gjekk bra. Den lakk ikkje olje. Vassprøvar viste høge fluornivå i drikkevatnet sommarstid, men prøvane stemte ikkje. Alt er bra med fluornivået, men det blir ikkje målt så ofte

Energigebyra er endeleg satt på 4. forsøk, eller var det 5.? Og ny rekning kjem i posten med plussar og minusar som kan gi stor talkompetanse om du forsøker å sette deg inn i korleis satsane er rekna ut.

Klesvaskar blir flekkete på mystisk vis, kanskje fordi vassrøyra i byen er spylt for første gong og biofilm løsnar. Ellers er det framleis legionella på nettet, kanskje blir me aldri kvitt det, og vatnet smakar klor. 

Coop Svalbard har stevna Longyearbyen lokalstyre (LL) og meiner dei skal betale meir i renteutgifter for dei nye lokala til Nordover.

Midt i dette foreslår administrasjonen i LL å stenge Svalbardhallen tre dagar i veka. Det gjeld også badstua, der lokalstyreleiaren skal tenke lange og kloke tankar. Og slike tankar trengs.

Då er det berre å gå seg ein tur og puste litt. Trekke inn rekordvarm luft, halde seg unna ustabile fjellsider. Nyte den vakre fjorden, fjella og fugleskvalderet. Hugse på at dette er den vakraste staden med dei beste folka. For det er det.

Forslaget om å stenge hallen vart sett på pause – og skal opp på politikarane sitt bord. Longyearbyen lokalstyre må stramme inn, spare inn millionar for å unngå eit blodraudt 2024 – og halde reimene stramme for å gå i balanse i 2025. 

Samstundes må det skje noko viktig på to spor. Det eine er å sikre teknisk infrastruktur, ikkje berre for energi, men også vatn, avløp og kommunikasjon. Dette klarer ikkje byen å bære aleine. Det må komme meir pengar frå Oslo. Det må på plass ein heilskapeleg plan frå kjelde og heilt inn i hus, ikkje stykkevis og delt.

Det andre er tilbod som fremjer fysisk og psykisk helse. Det unike og vakre med denne byen er ikkje berre naturen, men mylderet av aktiviteter, og frivillige som bidreg og inkluderar. Skulen og barnehagane med trygge vaksne, kulturskulen, biblioteket som tek imot ungane etter skuletid, ungdoms­klubben dei kan stikke innom når dei vil. Aktiviteten som blir skapt i Svalbardhallen er lim i samfunnet. Hallen er sprengfull sjølv når den er open alle dagar i veka.

Det er ikkje nok berre å snu alle steinane i Longyearbyen lokalstyre, slik politikarar og administrasjon vil. Steinane som utgjer orga­nisasjonen må plukkast opp og stablast heilt på nytt. Meir effektivt og økonomisk.

Kuttar me i tilbod til barn, unge og tiltak som fremmer fysisk og psykisk helse, er det berre å gløyme bli- og bu-lyst. Då når me ikkje dei svalbardpolitiske måla.

Powered by Labrador CMS