Dei viktige ungdommane
Dei står fremst på scena og syng og dansar og lyser for dei yngre barna. Ser dei inn i augo og nikkar støttande. Dei står bak små hender som slår akkordar under lyskastarane for første gong.
Dei går på kurs for å lære seg å trene og lede andre. Støttar barn som skal ta salto, terpar på symjeteknikk, har kanskje ansvaret for barneidretten. På 17. mai dansar dei gjennom det kalde, fine 17. maitoget og kastar rundt seg med liv og russekort. Nokon jobbar med forskingsprosjekt og stiller viktige spørsmål om klima og demokrati i byen vår. Andre tar ekstravakter i byens butikkar eller susar lukkelege ut i naturen på snøskuter med hyttetur i blikket.
Dei lokale ungdommane i Longyearbyen er utruleg viktige. Dei utgjer fleire av tannhjula som får kultur- og idrettslivet til å fungere. Dei er førebilete for alle ungane som går på skulen og ser korleis ein kan vera ungdom og bidra på ein liten stad. Dei er framtid og håp.
Longyearbyen lokalstyre er ikkje pliktig å tilby vidaregåande avdeling, men gjer det like vel for å halde på desse viktige innbyggjarane. I dag er det 36 elevar ved vidaregåande avdeling på Longyearbyen skule. 13 av desse har valt å gå i yrkesfagleg retning med eller utan studiespesialisering.
Fem av dei er fastlandselevar. Ordninga med fastlandselevar starta allereie på 1980-talet. Ideen var å gi ungdommar frå fastlandet mogelegheit for å gå på skule i Longyearbyen. Slik kunne skulen sikre eit godt elevgrunnlag, noko som igjen gjorde at den kunne gi eit godt tilbod til dei lokale elevane.
På 1990-talet vurderte skulen å droppe heile ordninga etter litt bråk og tull. Politikarane valde heldigvis i staden å få på plass ei fadderordning. I dag har fastlandselevane ein fadderfamilie å halde seg til. Men i år føreslo igjen administrasjonen i Longyearbyen lokalstyre å legge ned ordninga, sidan dei var usikre på om dei tilreisande ungdommane vart tekne godt nok vare på. Politikarane i Administrasjonsutvalet er ikkje samde, og har spelt inn til lokalstyret at fastlandselevordninga må bestå. Men rammene kring ungdommane må sjåast betre på, og kanskje gjerast tryggare.
Politikarane må gjere det dei kan for å halde på desse elevane. Dei er ein stor ressurs, og ringverknadane for vidaregåandetilbodet er store. Det er viktig å lytte til ungdommane sjølve om kvar skoen trykker. Både når det gjeld fastlandelevar og kva tilbod vidaregåande avdeling ved skulen skal ha. Valfaget må vera det ungdommane her brenn for, og det som gjer at flest mogeleg vil bli.
Staten har spytta millionar inn i folkehøgskulen og korttids-tilreisande ungdommar som potensielt kan koma tilbake til øya seinare. Trygge og føreseielege rammer for vidaregåandeelevane må også ligge langt framme i pannebrasken.
Hjelpekorpsets ferske leiar Charlotte Sandmo er ei av vidaregåandeelevane som valde å bli.
– Det er veldig givande å kunne hjelpe andre som treng det. Eg har blitt redda sjølv, så eg ser hensikta med det. Alle kan vera uheldige, seier ho i dagens avis.
Me treng desse menneska med svalbardkunnskap og -hjarte. Og så har me nok godt av å hente fram ungdomen i oss alle samen.
God helg!
Line Nagell Ylvisåker